Hopp til innhold

– Han hadde foten i båten og handa på lerretet

Fiskaren Petter Fredriksen frå Kvæfjord var eigentleg kunstnar. Men det var det få som visste – før no.

Fiskeren Petter Fredriksen fra Kvæfjord var egentlig en kunstner.Det var det få som visste før nå.Bildene vises for første gang.

Bilda den ukjente kunstnaren Petter Fredriksen malte, blir stilt ut på Fårebygget i Kvæfjord denne helga og neste. Foto og redigering: Nils Mehren.

I år er det 100 år sidan den til no ukjente kunstnaren Petter Fredriksen frå Kvæfjord blei fødd. Fredriksen var ung gut da han viste kunstnariske evnar, men som vanleg var på den tida, blei han oppdratt til å finne sin plass som fiskar på havet.

– Han hadde foten i båten og handa på lerretet, for å seie det på den måten.

Slik skildrar enka etter Petter Fredriksen, Hildur, ektemannen. Ho bur framleis på den vesle garden på Utstrand i Kvæfjord, der Petter måla bilda sine. Det gjorde han ved sidan av sitt vanlege yrke. Han var fiskar, som far sin.

Hildur Fredriksen

Hildur Fredriksen, enka etter fiskar og kunstnar Petter Fredriksen, seier ektemannen ikkje hadde til vane for å skryte av seg sjølv og eigne kunstverk.

Foto: Nils Mehren / NRK

Kunstnardraumen gløymte han likevel aldri. Derfor samla han sjølv om pengar nok til å reise til hovudstaden for å teikne og måle.

  • Sjå video med dei ulike verka øvst i saka!

Skrøyt ikkje av seg sjølv

No skal fleire få sjå bilda Petter måla heime på garden sin. Dei skal nemleg stillast ut på Fårebygget på Borkenes dei to siste helgene i mai. Det er enka Hildur glad for. Det var aldri snakk om å stille dei ut medan Petter sjølv var i live.

– Han ville jo ikkje gjere noko med det, han var ein enkel person som ikkje skrøyt av seg sjølv, fortel Hildur.

– Korfor var han så beskjeden?

– Sei det. Det skulle eg gjerne ha svart på. Det nytta ikkje å presse han.

Detalj av kunstverk, laga av Petter Fredriksen

Fredriksen jobba som fiskar, og havet er i fokus i fleire av verka som no blir stilt ut på Borkenes.

Foto: Nils Mehren / NRK

Historielag: Blant dei beste i landet

Bilda som er måla av Petter Fredriksen si hand, fortener eit større publikum og eit større galleri. Det meiner leiar av Kvæfjord historielag, Arne-Johan Johansen.

– Eg har sett ei stor spennvidd, frå enkle blyantteikningar av slektningar til bilde måla i Paris. Portrett, aktstudiar – dette er ting som kunne vore henta frå store galleri.

Arne-Johan Johansen fotografert framfor kunst av Petter Fredriksen

Det er Kvæfjord historielag som har ordna utstillinga der Petter Fredriksen sine verk blir stilt ut. Leiar Arne-Johan Johansen meiner verka er av ypperste kvalitet.

Foto: Nils Mehren / NRK

Fredriksen døde i 1998, 82 år gammal, og lét etter seg mange bilde. Trua på eiget talent var ikkje der, trass i at han hadde kunstutdanning frå Oslo og «L'Academie Grande Chaumiére» i Paris. Mange av bilda blei gitt bort til nære vener og familie.

– Han jobba med kunst seint og tidleg, og så prøvde han å leve av å vere fiskar ved sidan av. Han var nok litt sky, seier Johansen.

Johansen meiner den store spennvidda og kvaliteten i verka til Fredriksen heilt klart er på høgde med mange andre nasjonale storleikar innanfor kunstverda. Han håpar fleire no vil få auga opp for fiskaren frå Utstrand.

– Folk i Kvæfjord har nok aldri heilt forstått han, men dei har heller ikkje sett dei bilda han lagde.

Måleri av ei naken dame på ein sofa, kunst av Petter Fredriksen

Det er stor variasjon i verka til Fredriksen.

Foto: Nils Mehren / NRK

Flere nyheter fra Troms og Finnmark