SE OGSÅ: |
ALT OM: |
KrF og SV i Bø vil ikkje redusere talet på flyktningar som kommunen tek i mor.
Flyktningar. (Illustrasjonsfoto)
I dag har kommunen teke imot 75 flyktningar i ein periode på fem år. No vil fleirtalet i formannskapet senke denne grensa til 60 flyktningar.
KrF og SV meiner kommunen gjer feil ved å senke grensa i staden for å heve den til 100 flyktningar.
Det sier Dag Sele i Bø Krf.
- Vi er litt forskrekka over at fleirtalet står for ein flyktningepolitikk som etter vår meining ligg nær opp til Framstegspartiet sin politikk, seier Sele.
Striden står om kor mange flyktningar Bø kommune skal ta i mot i ein periode på fem år. No er grensa 75 flyktningar.
Blir meir pengar til andre tiltak
KrF og SV ønskjer at grensa skal bli heva til 100 og meiner kommunen har kapasitet til det. Men fleirtalet i formannskapet meiner at det rette talet er 60 flyktningar.
Sele meiner dette er feil.
- Alt tyder på det vil bli meir pengar til andre tiltak, fordi vi kan få ei meir rasjonell utnytting av dei ressursane vi får fra staten for å ta imot flyktningar, seier Sele.
Må ta vare på dei som kjem
Tor Johan Hynne i Ap er ein av dei som meiner det held med 60 flyktningar. Og at det er mange grunnar til det.
- Det handlar om at vi vil ta godt vare på dei flyktningane som kjem. Etter den ny lova så blir det ei stor utfordring for Bø kommune, seier Hynne.
Saka skal handsamast i kommunestyret 3. mai.