Hopp til innhold

– Såra gror, men me må leva med arra

Dei tragiske hendingane i Bamble pregar lokalsamfunnet, dei aller fleste kjenner anten dei som er direkte involverte eller har venner som er tett på, seier varaordførar Unni Brekka Kiøsterud (H) i Bamble.

Varaordførar Unni Brekka Kiøsterud seier at dei tragiske dødfalla i Bamble det seinste halve året pregar lokalsamfunnet.

Sjå video: Varaordførar Unni Brekka Kiøsterud snakkar om korleis dei tragiske dødsfalla i Bamble pregar lokalsamfunnet.

I går konkluderte Riksadvokaten når det gjaldt dei tragiske omstenda rundt dødsfallet Linn Madelen Bråthen 3. august i fjor.

Politimannen, som var sikta for drap, blir tiltala for å ha forlate kvinna i hjelpelaus tilstand. Han blir dermed ikkje siktet for drap slik Vestfold politidistrikt innstilte på.

I Bamble er folk sterkt prega av saka, det er få som ikkje blir råka på eit eller anna vis.

Når det blir rettssak er førebels uklart, men dei etterlatne håpar at den skal kaste ljos over det som skjedde natta mellom 2. og 3. august i fjor, seier bistandsadvokat Vibeke Hein Bæra.

Breviksbrua

Obduksjonsrapporten synte at Linn Madelen Bråthen døde av fall frå Breviksbrua.

Foto: Anne Lognvik / NRK

Varaordføraren i Bamble møtte NRK på Brotorvet i dag. Brotorvet er kjøpesenteret som ligg rett ved Breviksbrua der den unge Stathellekvinna miste livet i fjor haust.

Les også:

– Tøft no

Kiøsterud seier at det er mogleg å legge slike tragiske hendingar bak seg etter kvart.

– Men me vil alltid ha det med oss som arr. Det er tøft no, og det vil det sikkert vera lenge, seier ho.

I løpet av eit halvt års tid har Bamble mista både Linn Madelen Bråthen og John Gerhard Steen på tragisk vis.

– Det pregar oss alle, men det er viktig å hugse på at det handlar om menneskje. Det er viktig å taka vare på kvarandre, seier varaordføraren.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark