Hopp til innhold

Barn alvorleg skadd etter trafikkulykke

Politiet melder om ei alvorleg trafikkulykke på fylkesveg 37 ved Bolkesjø. Eit barn er kritisk skadd.

To biler kolliderte på riksvei 37 ved Bolkesjø.

To persombilar kolliderte på fylkesveg 37 ved Bolkesjøkrysset ein kilometer i retning Kongsberg. Foto: Radio Telemark

Eit barn er kritisk skadd etter ein kollisjon mellom to personbilar. Ein vaksen mann sat fastklemt etter kollisjonen, og blei frigjort av brannvesenet på staden

– Kollisjonen skjedde cirka ein kilometer etter Bolkesjøkrysset i retning Kongsberg, seier operasjonsleiar Gisle Småge.

Det skadde barnet blei frakta i ambulanse til sjukehuset på Kongsberg.

Det var i alt fire vaksne og to barn i dei to bilane som kolliderte. Eit barn er kritisk skadd, ein vaksen mann sat fastklemt i bilen etter kollisjonen, mens skadeomfanget er uavklart på dei andre, melder politiet.

– Alle er nå frakta til sjukehus i ambulanse, seier Småge.

Glatt føre og regn

Det er glatt og slapsete føre på vegen mellom Notodden og Bolkesjø, og det snør nå kraftig på staden.

Vegen blei opna for normal trafikk klokka 19.55 fredag kveld. Politiet hadde manuell dirigering av trafikken på staden. Vegen vestover var stengt ein periode.

Meldinga om ulykka kom rundt klokka 17.20 fredag. Det var to køyretøy involvert i trafikkulykka.

Laster Twitter-innhold

Ulykkesgruppe skal til staden

Alle naudetatane rykka til trafikkulykka ved Bolkesjø i Notodden kommune fredag ettermiddag.

NTB melde først at fleire skal vere fastklemt etter ulykka.

Politiet i Telemark omtalar ulykka som alvorleg. Statens vegvesen si ulykkesgruppe er rekvirert.

Laster Twitter-innhold
Bolkesjø

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark