Hopp til innhold

Telemarkingar overtek Riksscenen

OSLO (NRK): I dag er det premiere på Pøbel i pels, ei framsyning der telemarkingar er med på alle plan, frå kostyme og musikk, til skodespel og regi.

Pøbel i pels

INNSPURTEN: Dei siste prøvene er i gong, før premiera på Pøbel i Pels. Midt i biletet ser du Leif Arne Sanden i rolle som Kattekongen.

Foto: Anne Svanaug Straume / NRK

Historia handlar om ein gut, han bur halve tida hos mor si, og halve hos far sin. På jolekvelden skal han vere hos mora, men han ombestemmer seg, fordi han ikkje er nøgd med jolefeiringa.

Guten reiser for å finne faren, og møter ein snakkande katt på vegen. Saman legg dei ut på ein eventyrleg reise i dagens Oslo sentrum.

– Der er det farar som lurer, barske hundar, ein gjeng gale rotter og levande skulpturar i Vigelandsparken, fortel Lars Vik, han har regien på stykket.

Telemarkingar på alle plan

Lars Vik

REGIEN: Lars Vik har full kontroll, både på telemarkingane og dei andre i oppsettinga.

Foto: Lars Tore Endresen / NRK

Vik, som kjem frå Kirkehaugen i Porsgrunn, fortel at oppsettinga er eit samarbeid der Grenland friteater mellom anna er med. Dette gjer til at mange telemarkingar er med i produksjonen.

– La oss byrje frå toppen, seier Vik. Odd Nordstoga har vore med å skrive noko av musikken, Leif Arild Sanden har fleire viktige roller, held han fram.

I tillegg har Guro Dale og Elisabeth Guttormsen, som båe bur i Grenland, ansvar for kostyma.

– Andreas Ljones er spelemann og har nyleg skaffa seg småbruk på Stabbestad, også er det eg då, som har regien, seier Vik.

Kostyma blir til

Nede i kjellaren held Guro Dale og Elisabeth Guttormsen til i eit stort rom. Det held på å gjere ferdig dei siste detaljane på kostyma før premieren.

I august byrja dei å lese manus for å danne eit bilete av kva slags kostyma dei skulle lage, og no fester dei noko av den siste pelen på kattekostymet til hovudrolla. Dei har laga mange kostyma gjennom hausten.

– I englekoret er dei ti stykk, også sju dansarar med tre oppsettinga, også er det tre folkedansarar, seier Guttormsen og Dale.

kostymer til Pøbel i Pels

ROTTEHALAR: Dale (t.v.) og Guttormsen leiker med rottehalane som dansarane skal ha på seg.

Foto: Anne Svanaug Straume / NRK

Dei teljar opp, men gløymer å rekne saman undervegs, konklusjonen er at det vart mange kostyma, i alle fall over tretti.

På golvet ved enden av rommet ligg det sju rottehalar som dei har laga av remser av skumgummi, som dei har stripsa saman so halane skal få rett form.

– Også har me spraya måling på so dei skal få rett farge, og bli skikkeleg ekle, seier Guttormsen.

Spende før premiera

I kveld har gjengen premiere på Riksscenen, og skodespelarane og regissøren er spente på premieren.

– No er eg spend, men roleg. For nokre veker sidan var eg faktisk nervøs før premiera, men no er det opp til skodespelarane, som eg er sikker på at gjer ein god jobb, seier Vik.

Mange har faste ritual før premierer og det har Lars Vik også.

– Eg pussar tenna, avsluttar han.

Pøbel i pels

SPRETTEN: Silje Onstad Hålien har hovudrolla, ho er den fyrste kvinnelege hallingdansaren på elitenivå i Noreg. Til høgre sit Andreas Ljones.

Foto: Anne Svanaug Straume / NRK