Hopp til innhold

Stiller seg bak alternativ kyrkjeliste

Prost i Bamble prosti, Bente Modalsli, er ein av initiativtakarane til den alternative lista til valet av nytt bispedømeråd. Det er viktig med ei raus kyrkje der alle kjenne seg heime, seier Bente Modalsli.

Bente Modalsli
Foto: Johs Apold / NRK

Det er striden om homo-ekteskap som er bakgrunn for at folk i haust kan velje mellom to lister ved valet til nytt bispedømeråd. Aksjon Open Folkekyrkje ynskjer å endre avgjerda i Kyrkjemøtet, der biskopane i fjor sa nei til å vigsle likekjønna.

– Me ynskjer ei open og raus folkekyrkje, som likestiller ekteskap mellom heteroseksuelle, homoseksuelle og lesbiske, seier prosten, som representerer Telemark i arbeidsgruppa som skal finne kandidatar til lista.

Fryktar ikkje splitting

Bente Modalsli trur ikkje alternativet vil splitte kyrkja i Agder og Telemark.

– Dei fleste forstår at me har ei kyrkje med ulike syn på likekjønna ekteskap. Dessutan har biskopane sagt at spørsmålet ikkje splittar kyrkja, seier Bente Modalsli.

Etter kyrkjemøtet i fjor var det mange som melde seg ut av kyrkja. Det er ei dårleg løysing, meiner prosten.

– Det løyser ingen problem å melde seg ut. Mange av dei som melde seg ut i frustrasjon i fjor kjem no tilbake til kyrkja. Så seint som i førre veke snakka eg med ein homoseksuell mann, som no melder seg inn att i kyrkja.

Optimist før valet

Prosten trur at lista kan bli representert i det nye bispedømerådet.

– Det er opp til oss å gjere lista kjend mellom dei som stør arbeidet for ei brei folkekyrkje, seier prost Bente Modalsli i Bamble prosti.