Hopp til innhold

Ida (10) kvesta i skiulykke – no skal saka til Høgsterett

Kor stor risiko tek ein ved å opphalde seg i ein alpinbakke? Snart skal Høgsterett avgjere om ein skikøyrar kan haldast ansvarleg etter at han skada ein 10-åring for livet.

Ida (10)

Ida (10) lever i dag med store skadar etter at ho blei treft av ein alpinkøyrar i bakken på Gautefall. No skal saka opp i retten for tredje gong.

Foto: Privat

– Eg meiner at ein ikkje kan akseptere verken å bli drepen eller invalidisert for livet berre fordi ein oppheld seg i ei blå løype på ein liten familie-skisportstad.

Det seier Nina, mor til Ida (10). Den danske jenta var på ferie med familien på Gautefall i Drangedal, og hadde blitt med på skiskule i alpinbakken februardagen i 2017.

– Me valde heilt bevisst å reise til ein liten familiedestinasjon i Noreg for å passe på barna våre. Fordi me meinte det var tryggare enn å reise til Alpane eller andre skistader sørpå, fortel Nina.

Dundrar inn i henne

Ida, som har stått på ski sidan ho var to, køyrer sakte ned bakken, slik instruktøren hennar har sagt ho skal, når ein 17-åring plutseleg kjem svevande over eit heng. Han dundrar inn i henne med full kraft.

Ida (10) like før ulykka

Her er Ida i løypene på Gautefall rett før ulykka.

Foto: Privat

Legeerklæringa seier at samanstøyten ville ha drepe Ida dersom 17-åringen hadde treft henne ein annan stad enn i foten.

Den no 12 år gamle jenta lever i dag med store skadar i høgrebeinet som hemmar henne mykje i kvardagen. Ho strevar også psykisk etter det som skjedde, og er minst 20 prosent invalidisert, fortel mor hennar til NRK.

I to rettsinstansar er den i dag 19 år gamle mannen frå Kristiansand dømt for aktlaus køyring den skjebnesvangre februardagen.

I lagmannsretten var domen 18 dagars fengsel på vilkår og 75 000 kroner i erstatning til jenta. Mannen uttalte i retten at han framleis køyrer på same måte som før, og at han ikkje kan kome på noko han kunne gjort annleis.

Høgsterett har no bestemt at dei vil behandle ankesaka, som truleg vil kome opp i løpet av tre månader.

Fleire saker om fritidsrisiko i Høgsterett

Det blir den fjerde saka på kort tid Høgsterett tek opp som gjeld fritidsrisiko, skriv Rett24.

Svein Kjetil Stallemo forsvarar 19-åringen. Han er glad for at Høgsterett vil behandle anken deira.

– Me meiner det ber gale av stad dersom ein skal starte med å straffebelegge sport- og fritidsaktivitetar. Det ligg ein aksept av auka risiko for skade når me oppheld oss i ein alpinbakke, seier Stallemo. Han seier 19-åringen er prega både av ulykka og det at han er dømt for å ha skulda for den.

Alpinvettreglene

Alpinvettreglane seier mellom anna at det er forbode å køyre rett utfor bakken unntatt i organisert trening.

Foto: Randi Berdal Hagen / NRK

Alpinforeining fylgjer saka tett

Forsvararen peikar også på at henget klienten hans letta frå ikkje var skilta.

– Eg skal ikkje plassere skyld, men det er god grunn til å reise kritikk mot at ein så risikoutsett stad ikkje på nokon måte var merka, seier Stallemo.

Gautefall skisenter viser til Alpinanleggenes foreining. Dei har fylgt saka heile vegen.

– Det har vore uttaler i domane om ansvar, skilting og merking som me har fylgd med interesse. For bransjen vår er det viktig å få ei avklaring om grensedraginga mellom ansvaret til anlegget og ansvaret til utøvaren, seier Camilla Sylling Clausen, generalsekretær i foreininga.

For Ida og familien blir det tungt med endå ein runde i retten, fortel mor.

Det betyr mykje for Ida og for oss å få slått fast at det ikkje var greitt å køyre så omsynslaust og sette andres liv og førlegheit på spel, seier mor.

Gautefall skisenter

Ulykka skjedde på Gautefall skisenter i Drangedal 15. februar 2017.

Foto: Randi Berdal Hagen / NRK