Hopp til innhold

Sinte på dårlege forhold i barnehagen

DRANGEDAL (NRK): Brukt brakkerigg er blitt til barnehage i Kroken i Drangedal. Foreldre er sinte på dårlege forhold for barna.

Kroken barnehage

FUGLEKASSE: På folkemunne blir barnehagen i Kroken kalla fuglekassa og foreldra er misnøgd med at den er plassert på ein parkeringsplass.

Foto: Roald Marker / NRK

Sidan i sommar har 23 ungar i Kroken i Drangedal hatt barnehage i ein brukt brakkerigg. Kombinasjonen av lite plass, tronge rom og dårleg luft er til å halde ut når trur det er mellombels.

Nå har rådmannen ikkje sett av pengar til ny barnehagar før tidlegast i 2020, sjølv om politikarane lova noko helt anna i valkampen.

Kroken barnehage - liten plass

KROKEN: Barna har ikkje store plassen når dei blir samla til fellesaktivitetar i barnehagen.

Foto: Roald Marker / NRK

Fuglekasse og blikkboks

På folkemunne heiter barnehagen berre fuglekassa. Det er ein brukt brakkerigg kjøpt på finn.no. Thea Fjørtoft er ein av foreldra. Ho brukar sterke ord.

– Vi flytta hit for to år sidan, fordi vi fann den beste plassen å bu på her i Kroken. Eg spurte kommunen om forholda i barnehagen og skolen.

Thea Fjørtoft er medlem i samarbeidsutvalet i Kroken barnehage. Kapasiteten var sprengt og foreldra var glade da dei fekk vite at det skulle setjast opp ein mellombels løysing. Men da dei fekk sjå brakkene blei dei tankefulle.

– Hadde eg blitt fortalt at ungane mine ville bli plassert i ein rusten blikkboks på ein parkeringsplass, så hadde eg ikkje flytta hit, seier Fjørtoft.

Unni Gundersen, Tom Rune Rangøy og Thea Fjørtoft.

FORELDREUTVALET: Dei er redd den mellombels barnehagen vil vere i bruk heilt fram til 2023. Frå venstre Unni Gundersen, Tom Rune Rangøy og Thea Fjørtoft.

Foto: Roald Marker / nrk

Tilsette blir slitne

Men dei blei likevel med roa ned med at dette var mellombels. Nå seier rådmann i sitt langtidsbudsjett at det ikkje er sett av pengar til ny barnehage før i 2019,

– I rådmannen sitt budsjettforslag blir det løyvd 500.000 kroner i 2019 til prosjektering av ny barnehage i Kroken.

– Når reknar du med at det kan kome ein ny barnehage viss du er optimist?

– I 2023 kanskje. Ingen av dagens barn kjem til å merke den. Og dei tilsette kjem til å vere slitne. For arbeidsforholda dei har her er svært kritikkverdige, seier Fjørtoft.

Bøttekott og stellerom på do

Foreldra hevdar at innemiljøet er dårleg, både når det gjelder lys luft og støy. Dessutan er det trongt. For å få plass til alt brukast eitt av romma til å dekke fleire forhold, fortel ein annan av foreldra Unni Gundersen.

– Her har vi kombinert do for vaksne, handikaptoalett, lager og stellerom til ungane som brukar bleier. Det einaste stellerommet på huset. Og så er det bøttekott til vaskedama. Det betyr at dei tilsette må ha nøkkel når dei skal på do, fordi vi må jo låse inn vaskesakene, seier Gundersen.

Så langt har brakkeriggen kosta kommunen tre millionar, det inkluderer kjøp av brakker, grunnarbeid med vann, straum, og så vidare.

Kroken barnehage, toalett

TOALETT: Alle rom har fleire funksjonar. Dette rommet blir bruka til stellerom vaskerom, vaksentoalett og lager for vaskepersonalet.

Foto: Roald Marker / NRK

Kan få meir for pengane

Tom Rune Rangøy har også barn i barnehagen. Han veit kva kommunen kan få for tre millionar.

– For tre millionar så skal det vere mogleg å få utruleg mykje meir enn dette her. Eg har nyleg bygd meg eit hus til litt over tre millionar kroner. Og det er dobbelt så mykje areal, det er betre isolert og betre akustikk, seier Rangøy.

Unni Gundersen legger til.

– Det var eit veldig stort fokus på barnehagen under valkampen. Og det håpar eg dei hugsar nå som dei har kome til makta, seier Gundersen.

Må gå eitt par år

NRK Spør nyvalt ordførar Tor Peder Lohne kva Senterpartiet lova.

– Vi sa at det var eit mellombels løysing, slik det er nå. Og vi ønskjer å få gjennomført ei varig løysing i den inneverande perioden, seier Lohne.

Det er vanskeleg å få ein konkret dato, men det er grunn til å tru at det blir nytt barnehagebygg i Kroken før 2019.

– Vi kan ikkje trylle. Så det må gå eit par år til før eit nytt bygg kan stå ferdig. Men eg trur vi skal klare å få det til tidlegare enn det rådmannen føresett, seier Lohne.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark