Hopp til innhold

Rekordsal av sesongkort i Odd

Ei veke før eliteserien i fotball blir sparka i gang ser det ut til å bli folksamt på tribunen til Odd. Fotballklubben har aldri før selt så mange sesongkort før seriestart.

Semifinalekamp Odd - Sarpsborg

Det kan bli mange på tribunen når Odd spelar heimekamp denne sesongen. Bilete er frå semifinalekampen mot Sarpsborg.

Foto: Roald Marker

Billettsjef i Odd, Kristian Hauge, fortel at ei oppteljing nå før påske viser at det er selt fleire sesongkort enn året før, som også var rekord.

– Vi har sett ny salsrekord, og nå er vi veldig nære 4300 selte sesongkort, seier Hauge.

Gode opplevingar med Odd

Han fortel at klubben har sett tilbake på tidlegare sesongar, og alt nå er det selt fleire sesongkort enn i fjor, som den førre rekorden.

Kristian Hauge trur mange fekk nokre gode opplevingar i fjor med masse folk på tribunen, og ikkje minst viktige kampar.

– Dessutan ein god sportsleg prestasjon med ein tredje plass i eliteserien og ein cupfinale. Difor har veldig mange valt å fornye sesongkorta sine, og følte at dei fekk god valuta for dei pengane, seier Hauge.

Blir triveleg på tribunen

Odd fører også vidare prispolitikken frå i fjor som gjer det rimeleg for ein familie å komme seg inn på alle kampane.

– Kvart familiemedlem kan bli lagt til for berre fem hundre kroner ekstra for ein heil sesong, seier Haugen.

For klubben betyr dette pengar i kassa, og eit høgt og stabilt publikumstal på kampane. Hauge trur det vil bli 4500 sesongkort med bedrift og privatmarknaden til saman.

– Og så er det rundt rekna tre tusen som kjem til billettluka for å handle billett, og i tillegg nokre tusen som handlar billett på internett. Så det betyr at det kan bli veldig triveleg framover, seier Hauge.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark