Hopp til innhold

Her kjem kraftnett for neste generasjon

Straumnettet blir oppgradert for å gje betre straumforsyning, og betre vern mot terror og ulykker.

Bygger neste kraftnett for neste generasjon

I mange år har det vore arbeidd med ei oppgradering av hovudstraumsnettet til og frå Grenland og Telemark.

Les også:

Arbeidet sikrar ei stabil straumforsyning og reduserer faren for straumutfall ved at det blir bygd alternative ruter. I tillegg blir hovudlinjenettet oppgradert frå 300 kilovolt til 420. Rekninga kjem på 1,5 milliardar kroner.

Gir stabil straumforsyning

Det vil gi meir stabil straumforsyning i framtida både for industri og private hushaldningar.

Even Vandbakk, Statnett

Prosjektleiar i Statnett, Even Vandbakk.

Foto: Anne Lognvik / NRK

– På 90-talet var det nokon som trudde at kraftnettet i Norge var utbygt for all framtid. Det viste seg å ikkje stemme så godt, seier prosjektleiar Even Vandbakk i Statnett.

Han fortel at vi er blitt veldig sårbare for ei sikker straumforsyning.

– Kvar einaste dag er du avhengig av at bankterminalar verkar. Og at sjukehus er oppe og går. Heile storsamfunnet er avhengig av straumen vår, seier Vandbakk.

Even Vandbakk fortel at det er kraftsystemet for neste generasjon som no blir bygt.

Skal tole is og ekstremvêr

Oppgraderinga fører til at det skal vera mogleg for småkraftverk og andre fornybare kraftkjelder til å kople seg på eksisterande nett. Det er miljøkrav som EU no stiller for framtidas straumnett.

I oppgraderinga av nettet tek ein også høgde for auka ismassar og ekstremvær særleg i fjellområde som til dømes over Hardangervidda. Opprustinga skjer stort sett ved å forbetre eksisterande nett, men enkelte stader blir det også bygd nye trasear.

Vi er så avhengige av straum i dag det i løpet av ein 10 års perioden blir bruka mellom 50 og 70 milliardar kroner over heile landet for blant anna å redusere risikoen for straumutfall.

Skal tole terroråtak

Gisle Strøm, Statnett

Byggeleiar for Statnett, Gisle Strøm.

Foto: Anne Lognvik / NRK

Gisle Strøm er byggeleiar for Statnett på leidningsnettet mellom Bamble og Rød. Han fortel at det er lagt ned mykje arbeid og pengar i å få moderne kraft- og trafostasjonar som er sikre og kan fjernstyrast.

– Det er mellom anna bygt trafoceller med sikre veggar, slik at for at trykket skal gå oppover ved ein eventuell eksplosjon, seier Strøm.

Han fortel at dei også har tenkt på eventuelle terroråtak når dei har planlagt oppgraderinga.

– Til dømes visst trafostasjonen blir utsett for ein rakett, seier Strøm.

Men han fortel at det viktigaste med oppgraderinga er å kunne føre meir straum til Grenland. Samstundes skal Skagerak Energi kunne sanere noko av sitt leidningsnett i Grenlandsområdet.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark