Hopp til innhold

Først i verda med fjellrøye frå oppdrettsanlegg

I Fyresvatn har Telemarkrøye nå 30 tonn med fjellrøye som er klare for slakting i det første godkjente oppdrettsanlegget i ferskvatn.

Bli med på fôring av fjellrøye i merdene i Fyresvatn

Oppdrettsanlegget er det første i verda som er sertifisert etter dei same strenge lover og reglar som gjeld for oppdrettsanlegg i sjøen.

– Vi er dei første i verda som har slik godkjenning for oppdrettsanlegg i ferskvatn. Det finst ingen andre som har det. Og det er vi stolte av, seier Mads Dorenfeldt Jenssen.

Røye frå Fyresvatn viser seg å vere godt eigna for oppdrett, og dei største fiskane er nå på over ein kilo.

Stamfisken er frå Fyresvatn

For det er stamfisk frå Fyresvatn som er opphavet til røyene som går i merdane. Dei har vore ni månader i oppdrettsanlegget på land, og skal vere 16 månader i merdane ute i det store vatnet.

– Det er god appetitt på dei. Det har det vore i heile vinter, sjølv om det var kaldt, seier Jonny Aketun som hadde ideen til oppdrett av røye i Fyresdal.

Bakgrunnen var at han trengde meir og jamnare tilgang på råvarer til Aketun fisk som blant anna foredlar sik og aure og annan fisk for sal på Austlandet.

– Det var for å sleppe å kjøpe inn råvare frå andre stader, og produsere vår eigen lokale fisk, seier Aketun.

Stamfisk og yngel av fjellrøye i Fyresdal

Gode vekstvilkår i Fyresvatn

Det er Mads Dorenfeldt Jenssen som er dagleg leiar for Telemarkrøye.

– Den røya som går i desse merdane er slakteklar. No er det ei gjennomsnittsvekt på 1,3 kilo på den største fisken. Ein veldig flott fisk, seier Dorenfeldt Jenssen.

Han seier at det ser ut til å vere eit veldig godt vekstpotensial for fjellrøya i oppdrettsanlegget i Fyresvatn.

Mads Dorenfeldt Jenssen, Telemarkrøye

Mads Dorenfeldt Jenssen i Telemarkrøye.

Foto: Ragnar Lurås / NRK

– Vi har knapt fått ein fisk over 300 gram av den villfisken vi har fanga i Fyresvatn, og då er det lett å tenke at den ikkje eignar seg for oppdrett. Men tilgangen til fôr ser ut til å vere viktig, for den fisken her som nå er 1,3 kilo var 80 gram for elleve månader sidan, seier Dorenfeldt Jenssen.

Rakrøye og sushi

No ventar Telemarkrøye på å få eit slakteanlegg på plass før dei set i gang med produksjonen. Den første fisken blir truleg eksporter til Sveits, Austerrike, Frankrike og England.

Og når anlegget kjem i full drift reknar Telemarkrøye med å produsere mellom 200 og 300 tonn med fjellrøye i året.

Jonny Aketun har ein draum om å tilby rakrøye til jula 2015. Og Mads Dorenfeldt Jenssen meiner fjellrøya eignar seg godt til sushi.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark