Hopp til innhold

Ønska MS Bergensfjord velkomen

MS Bergensfjord fekk eskorte med fulle vannkanoner då den kom til nye Langesund Fergeterminal.

MS Bergensfjord
Foto: Bergit Sønstebø Svendseid / NRK

Ferja blei møtt av både tåkelur, jazzmusikk og festtaler, i tillegg til dei mange menneska som hadde møtt opp.

Dette var det fyrste anløpet for Fjord Line til Langesund ferjeterminal. Framover skal Fjord Line seile dagleg frå Langesund til Hirtshals og vidare til Stavanger og Bergen.

Stor investering

Ingrid Grandum Berget

– Terminalen vil bety mykje for næringslivet, seier næringssjef i Bamble, Ingrid Grandum Berget.

Foto: Bergit Sønstebø Svendseid / NRK

Ordførar i Bamble kommune, Jon Pieter Flølo, ynskja ferja velkomen saman med ordførarane i nabokommunane Skien og Porsgrunn, og representantane for Grenland hamn.

Dei håpar alle at den nye ferjeterminalen, som har kosta over 100 millionar kroner, skal bidra til næringslivet i Grenland – og fylket elles.

– Vi har nå blitt ein port til Norge. Det betyr mykje ikkje berre for turismen, men også for næringslivet, sa næringssjef i Bamble kommune Ingrid Grandum Berget.

Tysdag kjem også nybygde Stavangerfjord, og dei to skipa skal seile annankvar dag.