Hopp til innhold

Øitangen på Jomfruland blir turisthytte

DNT Telemark overtar drifta av Øitangen på Jomfruland. Dermed får turfolket ei turisthytte i den nye nyaste nasjonalparken i Noreg.

Jon Atle Holmberg, DNT Telemark

Dagleg leiar i DNT Telemark, Jon Atle Holmberg er glad for at turistforeininga har fått til ei avtale om å leie Øitangen på Jomfruland.

Foto: Anne Lognvik / NRK

– Dette hadde vi ikkje tort å håpe på ein gong, nå får vi oppfylt mange draumar for framtida, seier Jon Atle Holmberg i DNT Telemark.

Sundag blei det klart at Telemark fylkeskommune har inngått ei 10-årig leigeavtale med turistforeininga i Telemark. Det inneber at Øitangen nå blir sikra for ålmenta i staden for at det kom på private hender.

– Dette blir ein del av ei større satsing som turistforeininga legg opp til langs kysten nå.

Blir fantastisk eldorado

DNT Telemark har Kystledhytter inne på Mule Varde inst inne i Eidangerfjorden, i Sildevika og dei jobbar med eit øyhoppingsprosjekt i Eidangerfjorden.

– Nå får vi ei heil linje frå Porsgrunn og heilt ut til Stangnes i Portør.

Turistforeininga er med på kyststien og samarbeider med kystlaga om dei fyra som dei har.

– Så det kjem til å bli eit fantastisk eldorado for padlarar, seglarar, båtfolk og dei som berre vil hoppe rundt med ferjene. Med Jomfruland og hytta på Gaustatoppen, så har vi vel hytter på dei beste plassane i Telemark, og kan ta vare på dei for ålmenta.

Øitangen på Jomfruland

Det er godt med hus og sengeplassar på Øitangen på Jomfruland.

Foto: Anne Lognvik / NRK

Vil samle erfaring i sommar

I første omgang kjem DNT Telemark til å drive Øitangen med vanleg utleige. Men dei sjå på om det er mogleg å drive delar av det som ei kystledhytte.

– Då kan du ta med nøkkelen, og padle hit eller kome hit og bruke det som ei kystledhytte.

Den første sommaren vil turistforeininga bruke til å skaffe seg erfaring med å bruke staden. Øitangen vil bli leigd ut til spesielle brukargrupper, til bryllaup og andre arrangement.

– Det er mange som vil hit. Og dei som brukar å vere på Øitangen av spesielle brukargrupper kan ta kontakt og tinge plass nå. Privatpersonar som vil leige til bryllaup og andre arrangement må vente til midten av mai.

Ligg nærme nasjonalparken

Nå er det 51 sengeplassar på Øitangen. Holmberg meiner det passar godt for skuleklasser som vil ut til Jomfruland.

– Og kanskje bedrifter og andre vil kome hit og bruke Øitangen også, for å vere med på å finansiere drifta for oss på ein god måte.

Øitangen ligg på grensa til den nye nasjonalparken på Jomfruland.

– Vi kjem til å nytte høvet til å informere om nasjonalparken, og kor viktig det er å ta vare på naturen, seier Holmberg.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark