Hopp til innhold

Her kommer den neste nasjonalparken

Desse strendene med rullestein kan bli ein del av den nye nasjonalparken.

Jomfruland er på vei til å bli norges neste nasjonalpark.

Yttersida av Jomfruland i retning Risør. Rullesteinstranda mot Skagerrak blir ein del av den nye nasjonalparken.

Den er ein liten idyll i havgapet utanfor Kragerø. Jomfruland er ei lang smal øy med mange strender, unik natur og mange besøkande.

Øya er eit av mange område langs kysten på Sørlandet og Austlandet der planen er å få ein nasjonalparkstatus. Det starta med Kosterøyene i Sverige.

Les også: Fugleentusiast med drømmejobb

Nå er Jomfruland på veg til å bli Noregs neste nasjonalpark. Etter at Færder fekk nasjonalparkstatusen i fjor, blir det nå jobba for at Jomfruland skal bli det neste området som blir verna på denne måten.

Målet er å ta vare på kystlandskapet til glede for alle.

Skeptiske hytteeigarar og fastbuande

Ruth Ellegård på Jomfruland

Ruth Ellegård trur nasjonalparkstatus vil føre til fleire turistar.

Foto: Lorentz Berg / NRK

Men hytteeigarar og fastbuande fryktar at dei må betale ein høg pris for at kommunen og fylket skal lokke til seg fleire turistar.

– Dei fleste er litt sånn skeptisk positive, seier Ruth Ellegård i velforeininga.

Den nye nasjonalparken kjem i område der det bur folk, og dit kjem det mange besøkande med fritidsbåt.

– Ein ny Jomfruland nasjonalpark betyr at det vil kome fleire turistar hit. Og øya er så liten at dei kjem til å bruke heile øya, seier Ellegård.

Om lag halve øya blir nasjonalpark, men dei 70 fastbuande og hyttefolket bur på den andre halvparten.

Les også: Et lite «hotell» med 800 bittesmå gjester

Står igjen søppel og flasker

Dei siste åra har stadig fleire besøkt øya på våren og sommaren, og det merkast på toalettforhold og søppel.

Erik Nanseth på Jomfruland

Erik Nanseth fortel om søppel og flasker etter turistar.

Foto: Lorentz Berg / NRK

Og når talet på besøkande aukar så fører det med seg ein del problem.

– På sommarstid er det fullt her. Då blir det ståande igjen mange søppelposar og flasker, seier Erik Nanseth, leiar hytteforeininga.

Hytteeigarane og velforeininga har sendt eit brev til Kragerø kommune, og spurt kvifor kommunen vil ha ein nasjonalpark.

– Eg håpar det er fordi dei ønskjer å ta vare på Jomfruland og det flotte landskapet vi har her ute, seier Nanseth.

Men han trur også det er fordi kommunen og fylket ønskjer seg ein ny attraksjon som kan auke turiststraumen.

Les også: Hyttefolk har fått eigen gravplass

Har ein jobb å gjere

Kåre Preben Hegland

Ordførar Kåre Preben Hegland innser at det er utfordringar.

Foto: Anne Lognvik / NRK

Ordførar i Kragerø, Kåre Preben Hegland, meiner ein nasjonalpark vil vere positivt for heile Kragerø. Men han innrømmer at kommunen får ein jobb med å sikre områda rundt.

– Det må vere ein føresetnad. Vi ser alt i dag at Skjærgårdstjenesten har utfordringar med å handtere renovasjon på øya, og vi opplever at behovet aukar, seier Hegland.

Men velforeininga og hytteeigarane er spente på om ein fattig kystkommune kan handtere utfordringane med nasjonalparkstatus og ein aukande turiststraum.

– Det veit eg ikkje heilt om vi stolar på. Vi må sjå nokre konkrete handlingar når det gjeld søppelhandtering og andre ting for å kunne stole på kommunen i framtida, seier Ellegård.

Jomfruland Nasjonalpark

Desse spesielle strendene med rullestein på yttersida av Jomfruland blir ein del av den nye Jomfruland nasjonalpark.

Foto: Lorentz Berg / NRK

Les meir her: Se de første skissene: Slik blir nasjonalparksenteret