Hopp til innhold

Hyttefolk har fått eigen gravplass

Hyttefolk på Jomfruland har fått gravplass, men det er slett ikkje sikkert at alle får lov å liggje under eiketrea på den idylliske øya.

Gravplassen for hyttefolk på Jomfruland ligg i eit hjørne av kyrkjegarden

Gravplassen for hyttefolk på Jomfruland ligg i eit hjørne av kyrkjegarden, under eiketre og med blåveis og kvitveis som palett rundt natursteinsgravene.

Foto: Anne Lognvik / NRK

Inne i den vakre eikeskogen på Jomfruland ligg det som kanskje er ein av dei vakraste kyrkjegardane i landet, og truleg den einaste i sitt slag. Her er det rydda eigen plass for dei som ikkje er fastbuande.

– Ein naturleg tanke å gravleggjast ved hytta der mange har vore i generasjonar, seier leiaren i hytteeigarforeininga Erik Nanseth.

Pest-kyrkjegarden

– Me blei klar over at mange spreidde oska ute på rullesteinsstrendene, og andre stader på øya, seier Ivar Gundersen. Han arbeidde i fleire år for å finne ein eigna plass til kyrkjegard. Og løysinga fann han inne i eikeskogen der det truleg har vore gravplassar i fleire hundre år.

.

Ivar Gundersen,

Ivar Gundersen tenkte at også hyttefolk vil ha ei grav å gå til. Privat foto.

Foto: Privat

No kan også familiane til dei hyttefolka som vil kvile her for alltid, få ei grav å gå til, forklarar Gundersen.

Under eiketrea, med fuglesongen som akkompagnement, i eit teppe av blåveis og kvitveis, ligg kyrkjegarden.

Ruth Ellegård, leiar i Jomfruland Vel, seier at det så langt er tre graver i det hjørnet av kyrkjegarden der hyttefolk og folk med sterke røter til Jomfruland har sin seinste kvilestad.

Ruth Ellegård, leiar i Jomfruland Vel

Ruth Ellegård, leiar i Jomfruland Vel peikar mot gravstaden der hyttefolk ligg.

Foto: Anne Lognvik / NRK

Ekteparet Kari og Viggo Nicolaisen har skjenka tomt til gravplassen. Den ligg der dei trur den gamle pestkyrkjegarden var.

Skip med pest om bord låg nemleg i karantene ved Jomfruland før dei kunne gå inn til land. Den seinste dei veit blei gravlagt her, var i 1848.

Det er ikkje alle som får plass på denne kyrkjegarden

– Berre dei som er sterkt knytt til øya som får liggje her, og dei må søkje soknerådet i Kragerø. Alle som skal gravleggjast må kremerast for det skal ikkje gravast graver der ein risikerer å øydeleggje røtene til eiketrea, forklarer Ellegård.

Gravstad for hyttefolk

Gravstad for hyttefolk ligg i eit hjørne, dei fastbuande ligg på den andre delen av kyrkjegarden som blei oppretta i år 2000.

Foto: Anne Lognvik / NRK

Har alltid tatt imot folk

På den langstrekte og vakre øya yttarst i skjergarden utanfor Telemark er dei vande med på ta imot folk som av ulike grunnar endar livet her. I tillegg til dei som døde av pest, rok det også i land sjøfolk og andre som av ulike årsaker flaut med havstraumane. Desse er gravlagde mange stader på øya avhengig av kva slags tid på året det var då dei rok i land.

Jomfruland

Skip med pest om bord ankra opp ved Jomfruland.

Foto: Anne Lognvik / NRK

Frå 1852 blei det gravstad på Skåtøy for øyfolket, men dit kunne det i periodar vera vanskeleg å koma. Det er derfor lange liner tilbake i tida som syner at øya gav plass til dei som trong den anten dei var levande eller trong ein seinaste kvilestad.

Kvitveis

Kvitveisen blømer ved gravstaden i eikeskogen.

Foto: Anne Lognvik / NRK

Gundersen seier at det er mange graver på øya, men det er gjort lite forsking på området, så ein anar meir enn ein veit.

Leiar i Jomfruland Vel Ruth Ellegård viser kvar gravplassen for hyttefolk er.

Blåveisen blømer rundt gravstaden på Jomfruland

Hyttefolk er nyttefolk

Myten om hyttefolk som konfliktskaparar og inntrengarar i høve til lokalsamfunn er seigliva, men konklusjonen på ei spørjeundersøking som blei gjort i kommunane Vinje og Tinn synte at det heller var slik at hyttefolk er nyttefolk.

Jomfruland

Hovudvegen på Jomfruland er for dei med god tid.

Foto: Anne Lognvik / NRK

Langt på veg ser det også ut til å vera konklusjonen på turistøya Jomfruland. Der samarbeider hytteeigarforeininga og velforeininga til dei fastbuande svært ofte i viktige saker.

Det gjeld blant anna det omfattande arbeidet med den framtidige Jomfruland Nasjonalpark som truleg blir ein realitet i løpet av neste år.

At dei fastbuande opnar gravplassen sin for hyttefolka er vel i grunnen det største komplimentet dei tilreisande kan få.

– Det er forståeleg at hytteeigarar ynskjer å bli gravlagde her. Det ligg fint til inni eikeskogen, og mange har sterkare band til Jomfruland enn til andre stader der dei har budd opp gjennom livet, seier leiaren i hytteeigarforeininga Erik Nanseth.

Hovudvegen på Jomfruland

Hovudvegen på Jomfruland er ein grusveg for gåande. Ved denne vegen ligg gravplassen.

Foto: Anne Lognvik / NRK