Hopp til innhold

Norske vaflar på Super Bowl

Blant idrettsstjerner og kjendisar på Super Bowl er norske Stine på plass for å selje vaflar.

Nordic Waffles på Super Bowl i Minnesota

NORSKE VAFLAR: Det blir laga 600 vaflar i timen når Nordic Waffles sel vaflar under Super Bowles i Minnesota.

Foto: Drew Anderson

Stine Aasland frå Sannidal har suksess med sine vaflar i USA. Gründeren er kjent frå Telemarksrøra, men i 2014 selte ho selskapet og drog over Atlanteren.

Her sel ho nysteikte vaflar på bensinstasjonar, kaffibarar og festivalar under varemerket Nordic Waffles.

Nå er ho på Super Bowl i Minneapolis, det største idrettsarrangementet i USA, med vaffelrøra si og verdas største vaffeljern.

– Det er heilt utruleg, for det er så mange menneske og dei elskar vaflane. Eg berre står her og klyp meg i armen av og til.

Nordic Waffles og Stine Aasland

Stine Aasland må klype seg i armen av og til når ho ser kor interessert amerikanarane er i vaflar.

Foto: Drew Anderson

Blei kontakta av Super Bowl

Stine Aasland fortel at det er lange lister med bedrifter som ønskjer å profilere seg på Super Bowl.

– Vi søkte ikkje ein gong. For vi trudde ikkje det var nokon som kjente til oss, og vi trudde det berre var for godt etablerte bedrifter.

Overraskinga var stor då Nordic Waffles blei kontakta av arrangøren av Super Bowl og spurt om dei vil vere på arrangementet.

– Vi må jo ha gode vaflar. Og så har vi sikkert vore flinke til å markere oss her i Minnesota.

Nordic Waffles Machine

Dette er kanskje verdas største vaffelmaskin. Den kan lage 160 vaflar i timen.

Foto: Mason Hendricks

Lagar 600 vaflar i timen

Stine Aasland og Nordic Waffles har også med seg fire store vaffeljern på Super Bowl. Kvar av vaffelmaskinene kan lage 160 vaflar i timen.

– Vaffeljerna går samstundes, så vi lagar 600 vaflar i timen.

– Kan dette vere verdas største vaffeljern?

– Det trur eg det er. Fram til nokon andre seier noko anna, så er det nok det.

Det er nokre år sidan Stine Aasland pakka alle sakene sine og drog over Atlanteren. Frå amerikanske Centre Of Innovation og Norway House har ho fått hjelpa ho trengde.

Amerikanarane er glad i vaflar, men Aasland seier at dei amerikanske vaflane ikkje smakar noko særleg.

Nordic Waffles i Minnesota

Her blir det servert smaksprøver på vaflar frå Nordic Waffles.

Foto: Drew Anderson

– Eg trur eg lagar verdas beste vaflar, og så er amerikanarane veldig flinke til å prøve alt som er nytt og spennande. Dei har ei anna haldning til nye matvarer.

Vaffel med bacon og ost

Aasland fortel om produktet og dei norske verdiane som ligg bak. Likevel er vaflane tilpassa smaken i Amerika. Nyleg var ho gjest i eit kokkeprogram på TV og der presenterte ho ein pizzavaffel.

I 2012 gav Stine Asland ut ei kokebok om vaflar med 40 forskjellige måtar å lage vaflar på, men dei oppskriftene fekk ho sjeldan sett på menyen i Noreg.

– Her borte kan eg gjere det. Men vaflane er amerikanisert med bacon og ost. Den mest populære vaffelen er «all day breakfast» som er egg, bacon og cheddarost.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark