Hopp til innhold

Nav i Skien har redusera sosialhjelpa

SKIEN (NRK): Prognosen i byrjinga av året viste at Nav Skien ville få eit overforbruk i sosialhjelpa på 17,3 millionar kroner. Nav har sett i gang tiltak for å redusere overforbruket.

Per Stokstad

Nav-leiar Per Stokstad ser positivt på utviklinga i Skien.

Foto: Thomas Nikolai Blekeli / NRk

Skien kommune har i fleire år hatt anstrengt økonomi, og kommunen ville ikkje ha råd til store utgifter i sosialhjelpytelsane. Derfor var det viktig at Nav gjorde tiltak for å redusere overforbruket. Spørsmålet var korleis det skulle gjerast?

Heilt generelt handlar det om å få folk til å forsørgje seg sjølv, seier Nav-leiar i Skien, Per Stokstad. På den måten reduserast også sosialhjelpsutgiftene.

Krav om aktivitetsplikt

Stokstad legg fram at aktivitetsplikt er ein viktig del av det arbeidet dei gjer. I omgrepet "aktivitetsplikt" ligg dei tiltaka som brukarane kvar dag får hjelp til hjå Nav. Det kan vere hjelp til å skrive CV, lese stillingsannonsar, lære intervjuteknikk eller hjelp til å få ein sommarjobb. Rett og slett det å bli aktivisert inn mot arbeidslivet.

Kan ein seie at aktivt arbeid for å få folk ut i jobb gjer at dykk reduserer eit overforbruk?

Ja, det er det eg vil seie.

I tillegg har Nav forsterka ressursane på å kvalitetssikre vedtaka om sosialhjelp ved å sette inn ei eiga besluttergruppe med fokus på dette.

Utfordringar og uvisse

Tala viste eit overforbruk på over 17 millionar kroner. Nå er det nede på 8 millionar, og prosjektet skal halde fram.

– Vi ser ein positiv effekt av dei tiltaka vi har gjort. Det er viktig å fortsette med dette, fordi det er avgjerande å forhindre at brukarane blir passive, seier Stokstad.

Men han legg ikkje skjul på at det også er utfordringar med prosjektet.

– Den største usikkerheten ligg i utviklinga på arbeidsmarknaden. Det må finnast eit arbeidsliv som emnar å ta imot våre brukarar med dei føresetnadane dei har.

Utfordringa oppstår om det ikkje er samsvar mellom brukaranes kompetanse og den kompetansen arbeidslivet spør etter.

Færre unge på sosialhjelp

Nav Skien arbeider aktivt med grupper som flyktningar og unge.

Noko av det hyggelegaste vi har sett er at det er færre unge på sosialhjelp etter at prosjektet starta opp i 2015.

Stokstad fortel at det for nokre er uvant at det blir stilte krav i dagleglivet, men det blir av mange verdsett som ein regelmessighet i livet som dei ikkje hadde før.

Å setje krav viser at vi bryr oss om brukarane, seier Stokstad.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark