Hopp til innhold

Køyrer norsk ambulanse til Kosovo for å heidre mora

Mora døde på veg til sjukehuset i eit gammalt vrak av ein ambulanse i Kosovo. I juli køyrer sonen til landsbyen med ein nyrestaurert sjukebil frå Noreg.

Gani Bytyqi

ENDELEG: Gani Bytiqi har lett etter ein ambulanse han kan køyre til landsbyen Drenas i Kosovo de siste to årene. Nå ha han nådd målet.

– Om ho hadde overlevd i ein nyare ambulanse? Det veit ingen. Men denne her vil uansett bidra til å redde liv. Der nede er dette ein splitter ny bil.

Det seier bilmekanikar Gani Bytiqi, og klappar den nyrestaurerte 2012-modellen på panseret.

Det var avisa KV som først omtalte historia.

Døde i iskald sjukebil

Vinteren 2017 blei mora alvorleg sjuk. Den gamle ambulansen i landsbyen Drenas køyrde henne i retning sjukehuset, tre mil utanfor hovudstaden Pristina. Men ho døde på vegen.

Ambulanse Drenas

Ambulansane i området er av den eldre typen. 2012-modellen frå Noreg kjem dermed godt med.

Foto: Privat

Ifølge Utenriksdepartementet er det lav materiell standard på den offentlege helsetenesta i landet.

Sjukehusa manglar mykje, og det er utbreidd mangel på medisinar og anna nødvendig utstyr.

Bytiqi har sjølv sett den bilen mora døde i. Den var i elendig stand.

– Døra kunne ikkje ein gong lukkes ordentleg. Det var midt på vinteren, seier han alvorleg.

«Pensjonert»

Sidan den gang har han leita lenge, og i vår fekk verkstadeigaren endeleg beskjeden han hadde venta på.

For 40.000 kroner kunne han kjøpe ein ambulanse, tatt ut av drift.

Bilen, ein Mercedes Sprinter, har allereie unnagjort 370.000 kilometer i Sykehuset Telemarks teneste, og dermed nådd pensjonsalder. Etter norsk målestokk.

Gani Bytyqi, ambulanse

Båra står igjen. Det gjør mykje av det andre utstyret også, sjølv om medisinar må kjøpast inn nytt.

Nå har den fått fleire månader med omsorgsfull behandling av bilmekanikaren, som har budd i Kragerø sidan han kom som flyktning til Noreg i 1992.

Bilen er nå klar for nye oppdrag på humpete vegar mellom Middelhavet og fjellområda i Søraust-Europa.

Den 1. juli legger altså Bytiqi og to kameratar ut på den over tre tusen kilometer lange køyreturen.

Dei skal passere mange landegrenser undervegs til målet, men har fått alle nødvendige løyve.

Vel framme skal den sjølvlysande doningen blir overlevert til kommunesjefen, som skal ta imot bilen på vegne av lokalbefolkninga.

Sykehuset i Drenas

Sykehuset i Drenas, tre mil utanfor hovudstaden Pristina.

Foto: Privat

– Det blir vel feil å seie at ein håper ein ambulanse blir flittig brukt, men eg veit den er nødvendig.

Støtte frå lokalbefolkninga

I Kragerø er det mange som har engasjert seg. Både naboar og venner har bidratt.

Eg er overvelda over alle som har ønskt å hjelpe, og blir takknemleg om fleire kan tenke seg å bidra, seier Bytiqi.

Han har ikkje tenkt til å la seg freiste av dei spesielle eigenskapane eit utrykkingskøyretøy kan by på når det gjeld fart på vegane nedover i Europa.

– På ingen måte. Blålysa må me dekke til, og sirena skal sjølvsagt vere skrudd av, garanterer sjåføren, som ser fram til reisa.

Gani Bytyqi, ambulanse

De gamle jakkene til mannskapet i bilen kan komme godt med når ambulansen skal setjast inn i teneste på nytt.

– Eg er veldig glad i Noreg, og utruleg takknemleg for mitt nye liv i Kragerø. Men hjartet mitt er i Drenas. Dette betyr mykje for meg.