Miljøpartiet Dei Grøne (MDG) går mest fram i ei meiningsmåling som Sentio Research har gjort for NRK Telemark og TA.
MDG går fram frå 1,1 prosent til 4,7 prosent, og blir større enn Venstre, SV og Rødt i Telemark.
Les også:
Fylkesleiar Ron Bruinvis i Miljøpartiet De Grønne i Telemark seier at partiet kjem til å søke makt dersom dei kjem inn i fylkestinget etter valet.
– Det er sjølvsagt eit forhandlingsspørsmål som vi må vurdere etter at vi er ferdige med valet, og det endelege resultatet er klart. Men vi skal prøve å kome i posisjon og få mest mogleg påverknad på vegner av miljø og klima, seier Bruinvis til NRK.
Blir representert i kommunane
Miljøpartiet får på denne målinga to representantar i fylkestinget, der MDG aldri tidlegare har vore representert.
– Miljøpartiet vil også kome inn i kommunestyret der partiet stiller liste, dersom oppslutninga held seg rundt fem prosent, seier politisk kommentator Gisle Espeland.
Arbeidarpartiet og Senterpartiet går også klart fram frå valet i 2011, Ap til 40,7 og Sp til 9,6 prosent. Begge partia vinn eit mandat i fylkestinget, og har dermed fleirtal saman, utan hjelp av SV.
Taparane i meiningsmålinga
Også regjeringspartia og dei to støttepartia går tilbake mellom frå ein til vel to prosentpoeng.
– Taparane i denne målinga er regjeringspartia og dei to støttepartia, samt SV. Frp og Høgre misser alle eitt mandat i fylkestinget, og er langt unna å vinne tilbake fleirtalet frå dei raudgrøne, seier Espeland.
SV på si side går klart tilbake, til 2,7 prosent, og får berre ein representant i fylkestinget.
– SV er også det partiet som gir frå seg flest veljarar til Miljøpartiet De Grønne, seier Espeland.