Hopp til innhold

Sp meiner Frp har svikta dei eldre

Senterpartiet skuldar Frp for å svikte de eldre, ved å ikkje gi meir pengar til kommunane.

Sp-leder Trygve Slagsvold Vedum

Trygve Slagsvold Vedum, leiar i Senterpartiet, meiner kommunane får mindre pengar til å drive eldreomsorg av Høgre og Frp regjeringa.

Foto: Torstein Bøe / NTB scanpix

Leiar i Senterpartiet Trygve Slagsvold Vedum seier det har vore ein stor skattesvikt i norske kommunar på 2,7 milliardar før jule, og ein stor skattesvikt i år.

Han fortel at mellom 70 og 80 prosent av kommunebudsjetta går til oppvekst og omsorg, og den største delen går til omsorg.

Mykje kutt rundt om kring

– Og då er det dei eldre som blir råka. Det er berre å reise rundt i Telemark, så vil ein sjå at det er store utfordringar med å få budsjetta til å gå i hop. Det er mykje kutt rundt omkring, og det skuldast at kommunane får mindre inntekter enn dei venta seg, seier Vedum.

Senterpartileiaren meiner Framstegspartiet ikkje har gjort noko med det, og på den måten har partiet svikta dei eldre.

Han meiner det er dei eldre som har eit stort pleiebehov det går ut over.

– Når dei raudgrøne styrte var det meir skattevekst i kommunane, seier Vedum.

Har innført forsøksordning

Bård Hoksrud (Frp)

Eldrepolitikk talsmann i Frp, Bård Hoksrud.

Foto: Hans Erik Weiby

Bård Hoksrud er eldrepolitikk talsmann i Frp kjenner seg ikkje igjen i kritikken, og viser til at regjeringa har innført ei forsøksordning der kommunane kan be om å bli med.

– Her finansierer staten alt, og sørgar for at dei som har krav på ein sjukeheimsplass får det uavhengig om kommunen har gode eller dårleg råd, seier Hoksrud.

Frp-politikaren viser også til Porsgrunn kommune som har brukt fleire hundre millionar på å bygge eit kulturhus, i staden for å ta vare på dei eldre i kommunen.

– Det er forskjellen på oss. Sp vil at kommunen berre skal få bruke pengar til det dei vil. Mens Frp vil øyremerke pengane til dei eldre, seier Hoksrud.

For lite pengar

Slagsvold Vedum meiner regjeringa har sett av for lite pengar til forsøksordninga, og seier at 20 millionar ikkje rekk langt for alle kommunane.

Hoksrud meiner inntektssvikten i kommunane delvis er blitt kompensert at regjeringa.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark