Hopp til innhold

Me låner stadig meir

PORSGRUNN (NRK): Det norske folk har no over 3 250 milliardar kroner i gjeld. Mykje av gjeldsveksten er forbrukslån, trur banksjef.

Gjeldstal frå SSB

VEKST: Tal frå SSB syner at nordmenn låner pengar som aldri før.

Foto: Martin Torstveit / NRK

– Me ser at det framleis er høg gjeldsvekst i Noreg, seier seksjonssjef i Statistisk sentralbyrå, Dan Gallefoss.

Tal frå byrået syner at norske hushaldningar har lånt nesten 200 milliardar kroner frå november 2016 til same månad i 2017. Det er over 8 milliardar meir enn perioden før.

Det er den låge renta som gjer at etterspørselen etter lån er så stor. Gjelda har vore i konstant vekst sidan finanskrisa.

– Det er jo knytt mykje bekymring til dette fleire stader, seier Gallefoss

– Låner folk over evne?

– Det er jo ein tøff påstand å kome med, men det er kan vere at folk kan kome til å slite om renta skulle stige. Det vert sjølvsagt berre spekulasjonar inntil renta faktisk stiger ein dag, seier Gallefoss.

Uroleg for forbrukslån

I Sparebank 1 Telemark låner dei ut mykje pengar til folk som vil kjøpe bustad. Der har veksten vore jamn i fleire år.

– Det er viktig å skilje mellom bustadlån og forbrukslån, seier banksjef for personmarknad i Sparebank 1 Telemark, Anne Vikan.

Anne Vikan - Banksjef for personmarknad i Sparebank 1 Telemark

HØGT FORBRUK: Banksjef for personmarknad i Sparebank 1 Telemark, Anne Vikan, trur mykje av gjeldsveksten skuldast at fleire tek forbrukslån.

Foto: Martin Torstveit / NRK

Deira erfaring er at mykje av gjeldsveksten ligg i forbrukslån, noko som uroar banksjefen.

– Eg tenker at dette er farleg for folk, sidan det er ei gjeld som skal verte betalt ned på kort sikt, seier Vikan.

Mange som kjem til dei for å ta opp lån til bustad har for mykje forbruksgjeld.

– Det går jo utover likviditeten din, så da toler du ikkje like mykje i bustadlån som du kanskje skulle ønske, seier Vikan.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark