NRK Meny
Normal

Bystyret legg ned flyplassen

Bystyret i Skien har i kveld vedtatt å avvikle den kommersielle drifta på Skien Lufthavn etter at det blei klart at flyplassen ikkje får statsstøtte frå 2016.

Skien lufthavn, Geiteryggen

Bystyret har bedt styret om å avvikle den kommersielle drifta ved flyplassen etter at det blei klart at flyplassen ikkje får statsstøtte.

Foto: Roald Marker / NRK

Ordførar Hedda Foss Five seier at vedtaket råkar mange på Geiteryggen. Bystyret vedtok at det blir opp til lufthavnstyret å handtere den vidare prosessen.

Det blei brevet frå samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen om at flyplassen ikkje får statsstøtte i 2016, som blei utgangspunktet for debatten i bystyret i Skien.

Gruppeleiar for Arbeidarpartiet, Rolf Erling Andersen, la fram eit forslag om at bystyret avviklar den kommersielle trafikken på Geiteryggen etter å ha fått brevet frå Solvik-Olsen.

Rart å oppleve

Rolf Erling Andersen

Rolf Erling Andersen, Ap.

Foto: Tania Ripoll / NRK

Hans Edvard Askjer frå KrF synest det var rart å oppleve at det skulle bli Frp, og samferdsleminister Solvik-Olsen som skulle legge ned flytrafikken på Skien Lufthavn Geiteryggen.

– Dette er ein trist dag. Så lenge vi ikkje har ein god nok veg eller jernbane, så må vi kjempe for flyplassen. Men med signalet frå samferdsleministeren ser vi at det vil koste og gå på kostnad av ting KrF ikkje kan vere med på, sa Askjer.

Han sa at dersom ikkje styret kjem med nye gode idear, så er rutetrafikken på flyplassen over.

Ingenting å glede seg over

Signy Gjærum frå Venstre sa ho tolka brevet frå samferdsleministeren slik at Skien Lufthavn ikkje lenger er ein flyplass frå 1. juli.

– Den er historie. For det er grenser for kva vårt lufthamnstyre kan klare.

Venstrepolitikaren sa at Skien ikkje har råd til å miste ein einaste arbeidsplass, infrastrukturtiltak eller statleg støtte.

– Men nå misser vi desse tre. Det er ingen grunn til å glede seg over dette for nokon.

Gjærum sa vidare at no blir det styret si oppgåve å avvikle, og følgje alle formelle reglar i den vidare prosessen.

– For utgangspunktet er at vi ikkje kan ha berre litt flyplass.

Skien stod åleine

Jørn Inge Næss

Jørn Inge Næss, Frp.

Foto: Telemark FrP

Jan Terje Olsen frå Høgre sa at utan støtte frå Høgre ville flyplassen blitt lagt ned før.

– Kampen er over. Og det er synd at Skien har stått åleine i denne prosessen. Hadde Telemark fylke og Grenland stått saman kunne resultatet vore annleis, sa Olsen.

Han fortalde også at luftsportsinteresserte hadde tatt kontakt for å kunne fortsette med sin aktivitet.

Jørn Inge Næss i Frp sa at det er blitt flyplassen sin bane, at kommunen blei ståande åleine. Han kritiserte også fylkeskommunen og nabokommunane for manglande støtte til flyplassen.

– Dei kriteria som Stortinget vedtok i fjor blei flyplassen sin bane, sa Næss.

Kan ikkje bruke meir pengar

Heidi Hamadi, SV

Heidi Hamadi, SV.

Heidi Hamadi frå SV synest det var beklageleg.

– Eg er einig i at styret må sjå på om luftsporten kan drive sine aktivitetar vidare. For det er investert mange millionar kroner på Geiteryggen, sa Hamadi.

Thor Arild Bolstad i Frp viste til at bussen og toget brukar ein time og femten minuttar frå Skien til Torp. Og meinte Samferdsledepartementet tolka reglane feil.

Jan Olav Stensrød sa at styret ikkje har noko anna val enn å vedta ein avviklingsplan, slik at flyplassen blir avvikla den 1. januar 2016.

– Vi kan ikkje bruke meir pengar på flyplassen, sa Stensrød.

  • Vasslekkasje på Åfoss

    På Åfoss i Skien stengde vassverket kranene i ein halv time i sekstida i kveld på grunn av lekkasje.

    Laster Twitter-innhold
  • Fagforbundets leder er gjenvalgt

    Mette Nord ble tirsdag gjenvalgt som leder i Fagforbundet. Odd-Haldgeir Larsen og Sissel M. Skoghaug fortsetter som nestledere. Valgene fant sted på Fagforbundet landsmøte. Nord. som har leda forbundet siden 2013, stilte uten motkandidat.

  • Rådyrkalven måtte avlivast

    Viltnemnda kom til Håvundvegen for å hjelpe til med ein rådyrkalv som var i klem under ein høyball. Kalven måtte dessverre avlivast, melder politiet.

  • Rykkjer ut for å hjelpe rådyrkalv

    Politiet rykkjer ut til Håvundvegen for å hjelpe ein innringar med å få laus ein rådyrkalv som er klemt under ein høyball.