NRK Meny
Normal

Lågthengande leidningar kan vera livsfarlege

På grunn av mykje snø og is blir straumleidningar pressa mot bakken. Desse må ein halde god avstand frå.

Snø og is på strømkabler

SNØFALL: Mykje snø og is pressar straumkablar mot bakken.

Foto: SIV KRISTIN SÆLLMANN / NRK

– Leidningar som blir pressa mot bakken eller som er rive ned, er framleis straumførande.

Thor Bjørn Omnes.

BER FOLK OM Å MELDE I FRÅ: Thor Bjørn Omnes i Skagerak Energi ber folk melde ifrå til sitt lokale straumselskap dersom dei ser farlege leidningar.

Foto: Anne Lognvik / NRK

Det seier Thor Bjørn Omnes, kommunikasjonssjef i Skagerak Energi. Han har fått inn meldingar frå Grenlandsområdet og Vestfold om leidningar som heng lågt i terrenget.

– Berøring av slike leidningar er livsfarleg, og folk må halde avstand og varsle nettselskapet dersom dei ser kablar som kan vera farlege.

Omnes seier at det også kan vera livsfarleg å ta på tre som ligg inntil straumkablar.

Problem på grunn av snøfall

Både laurdag og tidlegare denne veka har det kome mykje snø på Austlandet og Sørlandet. Tung snø har gjort at tre har lagt seg på straumlinjene og ført til straumbrot.

På Sørlandet er 5000 husstandar utan straum. I Telemark og Vestfold oppstod det også feil i morgontimane laurdag som førte til straumbrot for rundt 200 kundar.

Lågthengande straumkablar

IKKJE TA PÅ STRAUMKABLAR: Personen på dette bildet er ein fagmann, og leidninga er utan spenning.

Foto: Skagerak Energi

Fryktar nye straumbrot

Skagerak Energi fryktar at nye feil kan oppstå dersom vêrprognosane for dei komande dagane slår til med meir snø og vind. Det er sendt ut OBS-varsel for fleire fylke.

– Om det kjem meir snø, kan tretoppar brekke av og tre kan falle. Da kan vi ikkje utelukke nye feilsituasjonar, seier Omnes.

Selskapet held oppe full beredskap i helga.

Laster Twitter-innhold