Hopp til innhold

Kraftkommunar fryktar å miste skatteinntekter

200 kraftkommunar kan tape mellom 350 og 400 millionar kroner. Det kan føre til at fleire av kommunane må kutte i sine tenester.

Såheim kraftverk.

TAPER KRAFTINNTEKTER: Såheim kraftstasjon på Rjukan blei offisielt sett i drift januar 1916. Det er bygt etter teikningar av arkitekt Thorvald Astrup og professor Olaf Nordhagen. Hydro eig og driv kraftverket.

Foto: Roald Marker / NRK

Regjeringa foreslår ingen endring i renta som blir bruka til å vurdere verdien på kraftverk. Dermed får kommunane mindre pengar i eigedomsskatt.

Jarand Felland, ordførar i Tokke

Jarand Felland er ordførar for Senterpartiet i Tokke kommune.

Foto: Anne Lognvik / NRK

– Når kommunane får mindre pengar må vi også redusere nivået på tenestene. seier Jarand Felland, ordførar i Tokke.

Tokke er blant dei 200 kraftkommunane som vil tape store summar dersom regjeringa sitt forslag blir vedteke i Stortinget.

– Tokke kommune kan tape mellom 4 og 6 millionar kroner i året frå 2019, seier Felland.

Kommunen har alt redusert talet på sjukeheimsplassar med 5-6 plassar det siste året, og må vurdere å redusere med ein til tre plassar til.

Betaler mindre i skatt

Torfinn Opheim (Ap)

Torfinn Opheim er leiar i Landssamanslutninga av vasskraftkommunar.

Foto: Arbeiderpartiet

Leiar i Landssamanslutninga for vasskraftkommunar, Torfinn Opheim, seier at fleire kommunar er i same situasjon. Han meiner staten tener på at renta blir uendra, slik at kraftverka betalar mindre skatt til kommunane.

– Kraftverka må betale mindre eigedomsskatt, fordi verdien på kraftverka etter vår meining er feil. Det tener eigarane av kraftverk på, og den største eigaren er staten.

Opheim meiner det er rimeleg at storsamfunnet får ein del av fellesgoda.

– Her har kommunane stilt sin natur til disposisjon, og vi meiner det er rett og rimeleg at dei får ein del av den verdien som blir skapt og henta ut av kommunen.

Set ting på hovudet

Jørgen Næsje

Jørgen Næsje er statssekretær for Frp i Finansdepartementet.

Foto: NRK

Statssekretær i Finansdepartementet, Jørgen Næsje, frå Framstegspartiet, meiner det blir feil.

– Å seie at kommunane taper pengar fordi eigedomsskatten ikkje blir høgare er å sette ting på hovudet. Eigedomsskatten skal fastsettast på bakgrunn av ein takst. Det blir feil å setje den kunstig høg.

Men Landssamanslutninga av vasskraftkommunar er usamd.

– Vi finn oss ikkje i det, og meiner det er feil. Når verdien av kraftanlegga i Noreg har tapt seg med 54 milliardar kroner frå eitt år til eit anna, så trur eg dei fleste forstår at det blir feil.

Vil rope eit varsku

Næsje meiner regjeringa har styrka kommuneøkonomien såpass mykje at tapte kraftinntekter ikkje bør påverke tenestetilbodet i kommunane.

– Vi har styrka kommuneøkonomien mykje i dei fire åra vi har vore i regjering, så det er gode kår for kommunane. Og gode moglegheiter til å yte gode tenester til innbyggarane, seier Næsje.

Oppgjer i Stortinget

Saka får no eit etterspel i Stortinget. Stortingsrepresentant Terje Aasland frå Arbeidarpartiet seier at han forstår at opplegget frå regjeringa skaper problem.

– Regjeringa må finne ei løysing som gjer at desse kommunane får noko att for verdiane dei stiller til disposisjon for storsamfunnet, seier Aasland.