Hopp til innhold

Får integreringspris for å stille krav

SELJORD (NRK) : Kjøpmann Atle Bringsås forsøker å bruke butikken i Seljord som ein stad der det er mogleg å hjelpe folk i gang med å kome inn i arbeidslivet.

Mohammed Abdi og Atle Bringsås

Mohammed Abdi har fått ansvar for frukt og grønt avdeling til Atle Bringsås i Rema 1000 butikken i Seljord.

Foto: Ragnar Lurås / NRK

Bringsås tar imot flyktningar som får språkhjelp, og andre som av ein eller annan grunn har falt utanfor samfunnet.

– Det handlar mykje om å kome inn i daglege rutinar, lære seg eit fag og få gode referansar, slik at dei kan kome inn i arbeidslivet igjen, seier Bringsås.

Kjøpmannen i Seljord fekk integreringsprisen for arbeidet han gjer i kommunen med flyktningar og andre som slit med å kome inn i arbeidslivet.

– Det er ein gjev pris å få, og det er ei stor ære å bli sat pris. Det er hyggeleg at folk ser det eg gjer, seier han.

Les også: Flyktninger får ikke jobb i små kommuner

Ny start i livet

Han opplever det som svært positivt å hjelpe folk til ein ny start i livet.

– Kanskje ikkje alltid i starten, men etter kvart får dei eit forhold til det å meistre og blir meir stolte. Veldig ofte klarar vi å skape noko positivt ut av det, slik at dei ønskjer å utrette noko i arbeidslivet, seier Bringsås.

Atle Bringsås med intergreringsprisen

Atle Bringsås set pris på Integreringsprisen.

Foto: Ragnar Lurås / NRK

Han synets det er den beste måten å hjelpe dei samfunnet har tatt ansvaret for, enten det er flyktningar som treng tid saman med nordmenn for å lære seg norsk eller andre som har falt utanfor samfunnet av ein eller annan grunn.

Og legg til at Rema 1000 har som målsetjing å ta samfunnsansvar.

Atle Bringsås har drive med denne typen arbeid i 16–17 år frå den gongen han arbeidde med sal av elektronikk i Bø eller dreiv Narvesen kiosk i Seljord. Det starta med eit samarbeid med Samtun i Sauherad, ein rehabiliteringsstad for ungdom med rusproblem.

– Det var hyggeleg å hjelpe nokon som har kome på utsida av samfunnet, og det er moro å sjå når dei lukkast med å kome tilbake, seier han.

Å lære språket er nøkkelen

I Rema 1000 butikken i Seljord har han 17 tilsette. Ein av dei er Mohammed Abdi frå Somalia som har fått det fulle ansvaret for frukt og grønt avdelinga i butikken.

Han kom som flyktning til Rjukan, og flytta seinare til Seljord der han hadde språkpraksis i ei SFO avdeling i kommunen. No har han budd i Seljord i tre år, og har hatt jobben i Rema 1000 i eitt halvt år.

– Eg er vegetarianar, så frukt og grønt er den beste avdelinga å jobbe i for meg.

I butikken har Mohammed Abdi sitt eige budsjett, og set sine eigne mål for omsetning av frukt og grønt i butikken. Han trivest med jobben i butikken og med kollegaene.

– Å lære språket er nøkkelen til å få ein jobb. Viss du ikkje lærer språket får du ikkje jobb, eller kan vere med på sosiale aktivitetar. Språket er nøkkelen til alt, seier Abdi.

Han meiner det ikkje er så vanskeleg å lære norsk.

– Viss du har eit mål og ein god arbeidsmoral, kan du lære alt, meiner han.

Mohammed Abdi og Abdalle Ali, Rema 1000 Seljord

Mohammed Abdi og Abdalle Ali kom frå Somalia som flyktningar og slått seg ned i Seljord.

Foto: Ragnar Lurås / NRK

Norsk kan vere vanskeleg

Abdall Ali kom til Seljord som flyktning frå krigen i Somalia. Han er Språkstudent hos Rema 1000 i Seljord og trivest veldig godt med det.

Han synest det av og til kan vere vanskeleg å lære norsk.

Jobben hans er å fylle matvarer i hyllene frå lageret i butikken, og fjerne varer som er utgått på dato.

– Det er veldig bra å jobbe i butikk, og eg håpar språkpraksisen her kan vere med å skaffe meg ein jobb i framtida, seier Ali.

Les også: Balestrand ligg i landstoppen på integrering

Tar tid å bli vant til ting

Tordis er på jobb tre dagar i veka, og fekk jobb i butikken gjennom Seljord Personal.

Tordis hadde ikkje vore i jobb på ei stund, og fortel at ho trengde tilrettelegging i arbeid og arbeidstider for å få det til å fungere

– Eg tar ut varer frå lageret og fyller på med kjøtt, smør og andre ferskvarer. Det trivest eg veldig godt med. Og det er bra at det er noko å gjere heile tida, seier ho.

Tordis trivest i butikken hos Atle Bringsås.

– Eg synest det har fungert veldig greitt. Det tar litt tid å bli vant til ting, og kome inn i det. Men det fungerer veldig godt.

Tordis i Rema 100 i Seljord

Tordis likar eit hektisk miljø i butikk med mykje å gjere.

Foto: Ragnar Lurås / NRK

Får prisen for målretta arbeid

Stein Arne Flatland er leiar av Prisnemnda som delte ut Intergreringsprisen i Seljord. Han representerer Røde Kors, og dei to andre medlemmene i juryen er valde av kommunestyret.

Flatland seier at Prisnemnda får inn forslag på fleire kandidatar som har utmerka seg i å hjelpe folk som av ein eller annan grunn har falle utanfor samfunnet, til å fungere i sosiale samanhengar og i jobb igjen.

Juryen delte ut integreringsprisen til Atle Bringsås for hans lange og målretta arbeid med å ta folk inn i sitt daglege virke, enten dei kjem frå NAV, Seljord Personal eller flyktningkontoret i språkpraksis, arbeidspraksis, trening og opplæring.

– Og måten han går fram på med å køyre ein intervjuprosess med søkarane som vil ha språkpraksis, for å lære flyktningar den norske tenkemåten. Dei får ikkje berre ein jobb, men må gå gjennom systemet hjå Atle Bringsås.

Les også: Hyllet for arbeid mot ekstremisme

Andre bedrifter kan lære

Flatland fortel at integreringsprisen er meint som ei oppmuntring til bedrifter og personar som gjer ein ekstraordinær innsats.

– Det kan gjelde arbeid for dei som har eit rusproblem og treng hjelp for å kome tilbake til samfunnet. Eller for dei som av ein eller annan grunn ikkje kjenner seg integrert i samfunnet. Så er integreringsprisen tenkt som ei oppmuntring til dei som engasjerer seg i slikt arbeid, seier Flatland.

Han trur også andre bedrifter har noko å lære av den søknadsprosessen og intervjurunden som Atle Bringsås gjennomfører med kandidatane som skal ut i arbeidspraksis og språkpraksis.

Gjennom intervjuprosessen får han avdekka om vedkomande verkeleg ønskjer å jobbe i butikk, eller om det eigentleg er andre praksisplassar som står høgare oppe på ønskjelista.

– Då har Atle Bringsås sagt til kandidaten at det er viktigare at du får ønskje ditt oppfylt, enn at eg får den beste kandidaten til jobben. Og han hjelper dei gjerne også med å få den praksisplassen dei ønskjer, seier Flatland.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark