Hopp til innhold

Vinje: Tilbyr hytteeigarar å kjøpe seg fri frå utleigeplikt

I Vinje kan rundt 300 personar få tilbod om å kjøpe seg fri frå eit krav om å leige ut fritidseigedomar. Pris: Rundt 200.000 kroner pr. eigedom.

Hytter i Rauland

Med 4720 registrerte hytter er Vinje den fjerde største hyttekommunen i landet.

Foto: Bo Lilledal Andersen / NRK

Saka har gått fram og tilbake mellom hytteeigarar, advokatar og kommune i ei årrekke. No kan løysinga bli eit tilbod om å få kjøpe seg fri frå klausulen om utleige.

Saka omfattar rundt 300 hytter og leiligheter i Vågslid og Rauland. Fritidseigedomane er kjøpt med ein klausul der eigaren har plikt til å leige ut i deler av året i ein periode på åtte år. Men denne plikta er det berre eit fåtal som oppfyller.

Får tilbod om å investere

No er ordførar Arne Vinje (SV) innstilt på ei løysing, der eigarane får kjøpe seg fri frå utleigeplikta mot å investere i nye utleigeobjekt.

– Hytteeigarane får tilbod om å betale inn ein sum til eit selskap som bygger nye utleigeeiningar. Det er ei god løysing både for hytteeigarane og kommunen. Hytteeigarane kan bruke eigedomane som dei vil, mens kommunen får den utleigekapasiteten det lokale reiselivet treng.

Pris: 200.000 kroner?

Arne Vinje, ordfører i Vinje

Ordførar Arne Vinje vil tilby 300 eigarar å kjøpe seg fri frå plikta til å leige ut eigedomane sine.

Foto: Jannicke Møller Andersen / NRK

Tidlegare er det sagt at prisen pr. hytteeigar kan bli rundt 200.000 kroner. Men ordføraren vil ikkje stadfeste at prisen for å kjøpe seg fri frå utleigeplikta ligg rundt denne summen.

– Men det som er sikkert er at det blir ei rimeleg ordning for hytteeigarane, nettopp fordi utleigeplikta reduserte prisen den gongen eigedomane blei kjøpt. No kan eigarane betale eit lite tillegg for å gjere om utleigehyttene til privathytter.

Kva skjer med dei som eventuelt seier nei?

– Der må kommunen bruke dei tvangsmidla som ligg i lova. Bøter og andre tiltak er ei dårleg løysing både for eigarane og for Vinje som vertskommune.

Pionerkommune

Med 4720 registrerte hytter er Vinje den fjerde største hyttekommunen i landet. Mange andre reiselivskommunar står i dei same problema som Vinje, og no trur ordføraren at Vinje kan bli ein pioner på området.

– Det er nok mange som vil sjå med stor interesse på korleis Vinje løyser denne saka, seier Arne Vinje.

Saka blir avgjort i Vinje kommunestyre torsdag i denne veka.