Av Johs Apold
- Staten ville ha ro rundt Norsk Hydro, seier professor Finn G. Johannessen.
I samband med 100 års jubileet til Norsk Hydro gir selskapet ut eit historisk bokverk.
Norsk Hydro feirar 100 års jubileum i Frognerparken. Foto: NRK
Forfattarane har fått tilgang til gamle arkiv, og nå avslører historikarane korleis staten greip inn og stoppa landsviketterforskingen mot selskapet.
Herøya er utgangspunktet
Utgangspunktet ligg på Herøya i åra før fredsåret 1945.
Den 13. mai 1945 er Kronprinsen tilbake. Samstundes blir generaldirektør Bjarne Eriksen i Norsk Hydro sett fri etter nærare to år i tysk krigsfangeskap.
Snart er han tilbake i hovudkontoret i Solligaten i Oslo, der han går kledd i engelsk uniform. Eit norsk flagg dekker ein vegg i kontoret til generaldirektøren. Symbolikken er klar.
Krigssoga er komblisert
Krigen er vunnen, og Norsk Hydro høyrer naturleg heime i det nasjonale fellesskapet.
Men ved nærare ettersyn viser det seg at Norsk Hydro si krigssoge er meir komplisert. Nokre månader seinare blir det starta landsviketterforsking mot selskapet.
Her fortel professor i historie ved Universitetet i Oslo, Finn Erhard Johannessen, kvifor.
- Bakgrunnen var i første rekke Nordisk Lettmall på Herøya. Her gjekk produksjonen i tett samarbeid med tysk flyvåpen.
Herøya blei bomba
I juli 1943 bombar amerikanske fly Nordisk Lettmetall sine fabrikkar på Herøya.
Åtaket er vellukka, og Norsk Hydro sine anlegg i Porsgrunn blir aldri til hjelp for det tyske flyvåpenet, slik planen var.
Landsviketterforskninga mot Norsk Hydro startar i september 1945 - men blir snart trappa ned. Mykje tyder på at det skjedde på direkte ordre frå den politiske leiinga i Oslo.