Hopp til innhold

Gratis vitaminer til sunt kosthald

Skogen er full av gode bær og etter kvart mykje sopp. Mange unge er ekstremt opptatte av trening og sunt kosthald, men brukar dei denne kjelda til vitamin som attpåtil er heilt gratis?

Familie og andre ute og plukkar blåbær, nært bærbytter, folk i skog, blå tunger

FORMIDLAR KUNNSKAP: Birgitte Finne Høifødt i Grenland Soppforening viser kva som er etande og kva som er giftig sopp.

Birgitte Finne Høifødt er ein erfaren bær- og sopplukkar. På seinsommaren og om hausten vandrar ho i skogen så fort ho har sjanse.

– Område med lauvskog og barskog er ideelle for kantarell. Og når det kjem varme dagar etter nedbør, brukar det å dukke sopp i skogen.

Joggar forbi blåbær og sopp

Ida Eriksen, Henriette Isaksen og Stine Tallaksen har latt seg lokke med på blåbærtur av veninna som er ernæringsrådgjevar. Dei er alle spreke og opptatte av sunn kost, men i skogen joggar dei som regel forbi både blåbær og sopp.

– Eg er ikkje så veldig mykje ute og plukkar blåbær. Men det er jo utruleg koseleg å vere på tur, og då er det eit pluss om det er masse blåbær.

– Eg prøvar å få i meg det som er sunt. For eg trenar ganske mykje, og då er eg oppteken av kva eg puttar i meg.

Jenter på bærtur

Frå venstre: Ida Eriksen, Katarina Knudsen, ernæringsrådgjevar Grenland Helsesenter, Henriette Isaksen og Stine Tallaksen.

Foto: Anne Lognvik / NRK

Som å gå på skattejakt

Finne Høifødt seier at Norges sopp og nyttevekstforening merkar at interessa og medlemstalet aukar.

– Interessa for å kome seg ut i naturen for å finne noko godt og spennande tilbehøyr til maten. Det er nesten som å gå på skattejakt.

Ho fortel at på Mersmakfestivalen i Skien så kjem det mange unge familiar som er interessert i å lage mat. Og denne interessa heng gjerne saman med sopp, det å finne nokre gode sopp som dei kan steike til maten etter ei god oppskrift.

– Men då treng dei kunnskap. Denne sommaren har det kome masse nedbør, og så kjem varmen. Det betyr at vi går spennande tider i møte, seier Finne Høifødt.

Inneheld vitamin og mineral

Katarina Knudsens er ernæringsrådgjevar på Grenland Helsestasjon. Ho kan fortelje veninnene at det er veldig lurt å plukke blåbær.

– Vi prøvar å rå folk til å kome seg ut i naturen for å plukke bær sjølve, for då inneheld dei gjerne meir næringsstoff enn dei gjer i butikken.

Ho fortel at alle bær og frukter inneheld masse vitamin og mineral.

– Bær har gjerne masse kostfiber og vitamin C, og viss du går ute i skogen og plukkar sjølv får du også masse vitamin D på grunn av sola.

Og det er noko vi har lite av i Noreg, difor rår Knudsen folk til å kome seg ut i naturen.