Det er avisa Varden som melder dette torsdag ettermiddag.
– Det er definitivt, seier statssekretær Tom Cato Karlsen i Samferdselsdepartementet til Varden.
Statsstøtta utgjer halvparten av driftsinntektene til flyplassen, rundt 10 millionar kroner.
Har bedt om møte
Ordførar i Skien, Hedda Foss Five, har sendt brev og bedt om eit snarleg møte med samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen om framtida til Skien Lufthavn Geiteryggen.
Foss Five ønskjer å for å få ei avklaring om flyplassen får behalde statstilskotet til drifta før 18. juni.
Hedda Foss Five viser i brevet til at Wiederøe flyselskap legg ned drifta i slutten av juni, og styret i flyplassen har fått tilsegn frå Danish airtransport om at dei ønskjer å vidareføre flyruta til Bergen frå august, dersom eigaren kan gje forsikring om vidare drift.
– På den andre sida kan kommunen som flyplasseigar ikkje gi aktuell flyoperatør sikkerheit for vidare drift utan å vite om noverande statstilskot vidareførast, skriv Foss Five i brevet til samferdsleministeren.
Oppfyller ikkje kriteria
Statssekretær Tom Cato Karlsen meiner Samferdsledepartementet har behandla saka fleire gonger ut frå eit sett med kriterium som Skien Lufthavn ikkje oppfyller.
For å få statsstøtte må det blant anna vere minst ein times reisetid mellom Geiteryggen og flyplassen på Torp i Sandefjord.
– Skien oppfyller ikkje kriteria. Det er den brutale sanning. Det er ikkje hyggeleg å gi slike beskjedar, men flyplassen får ikkje statsstøtte neste år, seier statssekretær Tom Cato Karlsen til Varden.
Har ikkje høyrt noko
Styreleiar for Skien Lufthavn Geiteryggen, Arne Rui, seier til NRK at han ikkje har fått avgjerda om at flyplassen ikkje lengar får statstilskot frå departmentet.
– Eg har ikkje høyrt noko, så eg synest dette er ei rar sakshandsaming, seier Rui til NRK.
Arne Rui meiner Skien Lufthavn Geiteryggen oppfyller alle kriteria for å fortsatt få statsstøtte til drift av flyplassen.