NRK Meny
Normal

Fryktar styrt nedlegging av sjukehuset

Tilsette ved Sjukehuset Telemark fryktar det går mot styrt nedlegging etter at styreleiaren og sjukehusdirektøren har gått av på kort tid.

Allmøte på Sykehuset i Telemark

Fredag ettermiddag var legane ved Sjukehuset Telemark samla til allmøte for å drøfte den økonomiske krisa ved sjukehuset.

Foto: Kurt Inge Dale / NRK

– Vi forstår ikkje at sjukehuset kan gå frå 30 millionar kroner i overskot det eine året til 200 millionar kroner i underskot det neste året, seier avdelingsoverlege Haagen Thorne etter allmøte for legane ved Sjukehuset Telemark fredag.

Fredag trekte Tom Jørgensen seg som styreleiar ved sjukehuset fjorten dagar etter at sjukehusdirektør Bess Frøyshov sa opp stillinga som sjukehusdirektør.

Redd for styrt avvikling

Haagen Thorne, avd. overlege Sjukehuset Telemark

Avdelingsoverlege Haagen Thorne ved Sjukehuset Telemark meiner det ikkje er mogleg å drive sjukehuset på ein forsvarleg måte når dei må spare inn 250 millionar kroner.

Foto: Kurt Inge Dale / NRK

Fredag ettermiddag var det allmøte for legane ved sjukehuset om den alvorlege økonomiske situasjonen ved sjukehuset etter at Helse Sør Øst har pålagt sjukehuset å spare 250 millionar kroner.

Avdelingsoverlege Haagen Thorne seier fleire og fleire ved sjukehuset er redd for at nokon står bak og trekk i trådane som ønskjer ei styrt avvikling.

– Det er mogleg det er konspiratorisk, men dei tankane melder seg hos stadig fleire her ved sjukehuset når vi ser at sparetiltaka ikkje er mogleg å oppnå balanse i budsjettet dei næraste åra, seier Thorne.

Er eit konkursbu

Han trur strålesenteret for kreftbehandling som er vedtatt lagt til Skien er i fare.

– Eit nytt nybygg ved Sjukehuset Telemark er i fare. Og drifta i Porsgrunn og Skien blir vanskeleg. Det er ikkje mogleg å drive dette på ein fornuftig måte med ein økonomi som er tilnærma fallitt. Vi er i realiteten eit konkursbu, seier Thorne.

Han trur ikkje Helse Sør-Øst er tilfreds med situasjonen, og at nokon ser at dette ikkje kan halde fram.

– I tillegg får vi ein aukande uro blant legane og alle tilsette.

Haagen Thorne meiner det er all mogleg grunn til å vere uroa når både styreleiaren og sjukehusdirektøren går av med kort mellomrom.