Hopp til innhold

Styreleiaren går av

Styreleiar i Sjukehuset Telemark, Tom Jørgensen, går av med umiddelbar verknad. Det skjer kort tid etter at Bess Frøyshov gjekk av som sjukehusdirektør.

Tom Jørgensen

GÅR AV: Styreleiar ved Sjukehuset i Telemark, Tom Jørgensen.

Foto: Sjukehuset Telemark

Eg er i dag gjort kjent med at valkomiteen i styret i Helse Sør-Aust vil vurdere styresammensetninga i Sykehuset Telemark. På bakgrunn av denne informasjonen har eg bestemt meg for å trekke meg som styreleiar i Sykehuset Telemark HF, skriv Tom Jørgensen i ei pressemelding.

Han forstår at eigarane til ei kvar tid har rett til å vurdere samansetninga av styret.

– Det er til det beste for begge partar at eg går av, seier Jørgensen til NRK.

Jørgensen seier også at avgangen har vore heilt udramatisk slik han ser det.

For 14 dagar sidan trakk også Bess Frøyshov seg frå stillinga som sjukehusdirektør. Ho peika på samarbeidsvanskar med Jørgensen som årsaka til at ho trekte seg.

Sjukehuset står i ein vanskeleg budsjettsituasjon der dei no må spare mellom 200 og 250 millionar kroner.

– Tom Jørgensen har gjort ein solid innsats som styreleiar i Sjukehuset Telemark sidan 2013. EG tek til etterretning at han no trekk seg, seier administrerande direktør Cathrine M. Lofthus i Helse Sør-Aust.