Hopp til innhold

Fryktar for framtida til humla

SELJORD (NRK): Forskarane erfarer at talet på humler i Noreg går nedover. Det fører blant anna til mindre blåbær i norsk natur.

Humle

FÆRRE: Insektekspert erfarer at talet på humler går nedover.

Foto: Anne Lognvik / NRK

– I år har det vore veldig lite humler. I dei områda eg har haldt teljinga har det halvert seg på eitt år, seier Magne Flåten.

Han er rådgjevar i Sabima, ein miljøorganisasjon som jobbar for å stoppe at naturmangfaldet tapar seg. Flåten er blant 50 insektekspertar som har samla seg i Telemark for å studere vekst og liv i områda rundt Seljord.

Sjølv har Flåten ein særskilt kjærleik for humla og dei siste tolv åra har han systematisk talt humler. Han ser ein klar nedgang i talet på humler i løpet av desse åra. Det får alvorlege konsekvensar for dei som likar blåbær.

– Humlene er det einaste insektet som klarar å fly når blåbæra blomar tidleg på våren. For andre insekt vert det for kaldt, seier Flåten.

Frå fleire stader rundt omkring i landet kjem det også inn meldingar om mindre blåbærkart. Det kan difor syne seg å verte ein mager blåbærsesong i år.

Magne Flåten

TELJER: Dei siste tolv åra har Magne Flåten telt bestanden av bier i sitt område.

Foto: Anne Lognvik / NRK

Viktig kartlegging

Det er ikkje tilfeldig at ekspertane har vald Seljord og omheng når dei skal studere mangfald.

– Områda her er veldig spennande. Det ser me når me slepp laus botanikarane og insektekspertane, dei vert heilt krakilske, ler koordinator i Sabima Hanna Hagen Bjørgaas.

Ho seier at Noreg har plikta seg til å stoppe nedgang i det biologiske mangfaldet innan 2020, og ho meiner jobben dei no gjer i Telemark vert viktig for å nå dette målet.

– Me må kartlegge kva område som er viktig å ta vare på. Nokre stader er sjølvsagde i denne samanheng, men det er viktig at me veit kva artar som lev på ulike stader, seier Bjørgaas.

Magne Flåten og Hanna Hagen Bjørgaas

KARTLEGGER: Magne Flåten og Hanna Hagen Bjørgaas har teke turen til Telemark for å få oversikt over mangfaldet i området.

Foto: Anne Lognvik / NRK

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark