Hopp til innhold

Foreldre mest fornøgd med små barnehagar

SKIEN (NRK): Trass i at foreldre er mest fornøgde med små barnehagar, blir det stadig fleire store barnehagar i Noreg.

Heidi Lundsett

VANN KAMPEN: Heidi Lundsett og andre foreldre vann kampen om å behalde den lokale barnehagen slik at den ikkje blei ein del av ein stor sentrumsbarnehage i Skien.

Foto: Sigrid Sørumgård Botheim / NRK

– Eg er ikkje mot store barnehagar. Men det er ikkje ein god idé å fjerne små barnehagar som fungerer godt, for å sende barna i ein stor sentrumsbarnehage.

Heidi Lundsett er tobarnsmor og gardbrukar i Skien. Ho har engasjert seg i noko som føregår i mange norske lokalsamfunn – kampen for å behalde barnehagen.

– Eg er oppteken av små einingar og tryggleik for både barn og vaksne. I store barnehagar er ein meir avhengig av at ein organiserer og planlegg godt. Det krev dedikerte leiarar som veit kva dei vil.

Lundsett er òg bekymra for å flytte små barn ut av dei lokale miljøa, og er oppteken av å ha ei god blanding av det små og store.

Dersom alt skal bli stort og sentralt så mistar ein liv på bygdene og usentrale stader. Ein bør kunne utnytte ulike område og ha ein valfridom mellom smått og stort.

Heidi Lundsett
Illustrasjonsbilde barnehage

SMÅTT ER GODT: Foreldra som har svara på ei undersøking frå Fafo, er aller mest fornøgde i dei minste barnehagane.

Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix

Organisering og leiing

Svært mange foreldre deler Lundsett sine synspunkt, går det fram i ein rapport Fafo har skrive om storleiken på barnehagar.

Beret Bråten, FAFO-forsker

STORE EININGAR KREV MEIR: Store barnehagar kan ha positive meirverdiar, men krev også betre organisering og leiing enn dei små barnehagane, seier forskar Beret Bråten i Fafo.

Foto: Simon Skjelbostad Yset / NRK

– Foreldre i dei minste barnehagane er mest fornøgde. Skiljet går ikkje mellom dei store og resten, det går mellom dei aller minste og dei mellomstore.

Det fortel Beret Bråten i Fafo. Ho understrekar at storleik ikkje er avgjerande for kvaliteten i barnehagane, men at det har ei betydning.

– I dei store barnehagane er det skilnad på tilfredsheit ettersom korleis dei er organiserte. I basebarnehagar, som er lausare organiserte, er foreldra mindre fornøgde.

Etter barnehageløftet gjekk talet på store barnehagar opp, og i snitt blir barnehagane framleis større. Bråten seier at kommunane må dei tenkje nøye gjennom korleis organiseringa og leiinga skal vera når dei byggjer stort.

Det å leie ei stor eining krev noko heilt anna. Ein må følgje opp leiarane i dei store barnehagane på ein enda betre måte.

Beret Bråten
Tal på barn i barnehagar etter storleik

TAL PÅ BARN ETTER STORLEIKEN TIL BARNEHAGEN: Lilla er under 25 barn, ljos blå er 26–50 barn, oransje er 51–75 barn, mørk blå er 76–100 barn og grått er over 100 barn. Figuren viser at dei lilla og ljos blå felta går svakt ned, dei oransje og mørk blå er stabile, medan det grå går svakt opp.

Foto: Utdanningsdirektoratet

Vil ikkje laga ein «barnefabrikk»

Skien kommune har vedteke å byggje ein stor barnehage i sentrum med 180 plassar, som skal erstatte fire avdelingar som er tilknytt framleis eksisterande barnehagar, i tillegg til å gje rom til nye plassar. Kommunalsjef for oppvekst i Skien, Grete Gjelte, seier det er behov for ein meir fleksibel barnehage.

Grete Gjelten

MEIR FLEKSIBILITET: Grete Gjelten, kommunalsjef for oppvekst i Skien forsikrar foreldre om at store barnehagar vil vareta behovet for nærleik og tryggleik.

Foto: Hilde Martine Lindgren / NRK

– Vi vil få ein barnehage med eit større pedagogisk miljø og som er enklare å drifte. Det blir betre fasilitetar og uteområde.

Gjelten seier at dei ikkje er ferdige med å organisere barnehagen, men at leiinga vil bli større enn i dei nåverande barnehagane.

– Det blir ikkje slik at alle går inn same inngang og er i same rom. Vi skal ikkje laga ein barnefabrikk.

– Men er det ikkje risikabelt å forandre noko som fungerer bra i dag?

– Det blir sett i sving store kjensler når noko forsvinn frå eit nærmiljø, og det har eg forståing for. Men vi har behov for fleksible ordningar. Da vil vi laga ein framtidsretta barnehage i sentrum, der mange er på veg til og frå jobb.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark