SE OGSÅ: |
ALT OM: |
Etter sju månader har Miljøvernstyresmaktene framleis ikkje avgjort saka om bonden i Haukeli som bygde på fjøset etter klarsignal frå Fylkesmannen.
Villrein hindrar bonde i Haukeli å bygge nye hytter.
Knut Haugarne skulle finansiere ny driftsbygning gjennom å selje hyttetomter på Bykleheia.
Fylkesmannen sa nei
Men då bygget sto ferdig sa Fylkesmannen likevel nei til hytteprosjektet.
Årsaka var at hytteprosjektet vil forstyrre villreinen i området.
- Eg syntes dette er dårleg gjort, seier Haugarne.
Han viser til at det låg føre eit godkjent vedtak i eit statleg organ som Fylkesmannen.
- Når dei trekkjer tilbake vedtaket utan å ha erstatningsordningar, så får det ganske store økonomiske konsekvensar for ein vanleg mann, seier Haugarne.