Dei to fjellklatrarane frå Porsgrunn blei redda av ein liten morenerygg ved Mount Everest då jordskjelvet i Nepal utløyste eit stort snøskred for to veker sidan.
Skredet kravde 22 menneskeliv og over 70 personar blei skadd.
Filma snøskredet
Tone Gravir og Leif Harald Bergseth filma da det brutale snøskredet kom rett mot dei.
– Heile snøveggen kom mot oss. Eg oppdaga at fjellet hadde slept snø, og eg var kjemperedd, seier Tone Gravir.
Det var på 5400 meters høgde at snøskredet kjem rett mot dei i Mount Everest.
– Jordskjelvet var surrealistisk i seg sjølv med dei store fjella rundt, og du føler deg som ei lita fyrstikk, seier Leif Harald Bergseth.
Heldige som overlevde
Det var først etterpå dei skjønte at kva dei eigentleg hadde opplevd. Og det var ein liten morenerygg som hadde redda fjellklatrarane.
– Det var veldig vondt å sitte der åleine etterpå. Og eg tenker at vi var frykteleg heldige som overlevde, seier Gravir.
Eit nytt og kraftig jordskjelv med ein styrke på 7,3 har råka Nepal i dag.
Førre skjelv for to veker sidan hadde ein styrke på 7,8 og førte til at minst 8000 menneske mista livet.
Det nye jordskjelvet kom midt på dagen. Minst 40 har omkome, og over 1000 menneske er skadd.