Ber tungtrafikken velje E134

Flaumen skaper problem for tungtrafikken mellom Oslo og Vestlandet. Vegvesenet ber tungtrafikken bruke E134.

Haukelitunnelen
Foto: NRK

Statens vegvesen ber tungtrafikken velje E134 mellom Oslo og Bergen for å unngå Fv 7 og Rv 13 mellom Voss og Bergen.

E16 er stengt for tungtrafikk vest for Voss, og det er stilleståande kø på Fv 7 mellom Øystese og Kvandal.

E16 vest for Voss er øydelagt etter flaumen, og ein mellombels veg kan tidlegast opne laurdag.

Personbilar kan framleis køyre E16 mellom Bergen og Voss.

E16 - Voss-Evanger, utrasing ved Skorve

Bileter viser strekninga Voss-Evanger på E16. Her er vegen stengt for tungtrafikk.

Foto: Bente Bergstø