Hopp til innhold

Anne Hytta med ny plate

Kva får du dersom du set saman hardingfele, cello, vibrafon og stemte vinglas på plate.
Svaret er Slagr.

Slagr

Slagr med Anne Hytta, Amund Sjølie Sveen og cellist Katrine Schiøtt

Foto: Geir Dokken

På plata "Short stories" er det Anne Hytta som har skrive musikken som blir framført med blant anna hardingfele, cello, vibrafon og stemte vinglas.

– Det blir eit spesielt klangbilete som vi sjølve er glade i. Det er ganske skjørt og sårbart, men samstundes har det noko sterkt ved seg. Så det blir eit kontrastfylt bilde med den mørke kraftige celloen, og dei forsiktige skjøre glasa saman med hardingfeleklangen, seier Hytta.

Har skapt sitt eige univers

I pressemeldinga om Slagr sitt fjerde album, "short stories", blir det skrive at plata handlar om det vesle mennesket og dei små ting i vår store, travelt opptekne verd. Dei minner oss på at om ein ser på det vesle med interesse, openberrar det seg ofte noko langt større.

Malande bilete og moderne mystikk på gammal grunn pregar den kommande plata til kammerfolk-trioen, som med sin fortryllande signaturklang av hardingfele, cello, vibrafon og stemte vinglas har skapt sitt eige unike univers.

Slagr

I dag består Slagr av Anne Hytta, Amund Sjølie Sveen og cellist Katrine Schiøtt, og saman har de nettopp spilt inn musikk til ein dokumentar som skal gå på norske tv-skjermar til hausten.

Foto: Geir Dokken

– Er det ei krevjande plata for lyttarane?

– Eg håpar musikken ikkje blir oppfatta som krevjande for lyttaren. Men det er nok ikkje musikk du set på når du skal støvsuge. Den passar heller ikkje i bilstereoen, men den er fin til å lytte innover i seg sjølv. Eller som bakgrunnsmusikk når du les ei bok eller gjer noko stille arbeid, seier Hytta.

Novelle av Hans Herbjørnsrud

Forfattar Hans Herbjørnsrud frå Heddal har vore inspirasjonskjelde i form av hans novelle På gamle tun i Europa.

– Den handlar om mykje. Eg har vore på fleire litteraturseminar som handlar om den novella og litteraturen til Herbjørnsrud. Det er interessant å sjå at folk opplever litteraturen hans så forskjellig. Det seier mykje om kor rik den er, seier Hytta.

Historia handlar om Margit som levde for over 400 år sidan. Ei lita kvinne i ei stor verda, ei lita forteljing blant mange. Ho blei hugsa lenge, men så gløymt.

– Ho overlevde ein storflaum, ein hundreårs flaum. Og etter det fekk ho ei folkevise om seg som blei bruka i fleire hundre år, men som gradvis forsvinn ut av folk sitt minne, seier Hytta.