NRK Meny
Normal

Vemodig avskjed med siste fly

SKIEN (NRK): Søndag ettermiddag gjekk det siste flyet frå Skien Lufthavn Geiteryggen. For Oda Myklebust Engh var den siste dagen på jobb vemodig og trist.

Oda Myklebust Engh
Foto: Ragnar Lurås / NRK

Det siste widerøeflyet tok av klokka 17.15 med kurs for Bergen, med 41 passasjerar om bord.

På flyplassen var det møtt fram mange skodelystne for å sjå Widerøe avslutte flytrafikken frå Skien nok ein gong. Og i den populære kafeteriaen var det nesten fullt med gjester som åt sin søndagsmiddag.

Les også: Widerøe legger ned på Geiteryggen

Siste Wiederøefly frå Geiteryggen

Mange var møtt fram for å sjå det siste Widerøeflyet ta av frå Geiteryggen.

Foto: Ragnar Lurås / NRK

Verdas beste jobb

For Oda Myklebust Engh var det ein spesiell dag i dag. Ho har fått oppseiinga i posten, og i dag var det siste dag på jobb med innsjekking av dei siste reisande for denne gongen.

– Det har vore veldig vemodig å avslutte i verdas beste jobb. Veldig trist, seier Engh.

Likevel har dagen gått med til å gjere det som høyrer med.

– Men eg trur det eigentleg ikkje har gått opp for meg at det er siste dagen. Eg trur det kjem litt i ettertid for oss som jobbar her, seier Engh.

Nesten fullt frå Skien

Elin Slaatrem, Mediateam

Elin Slaatrem, flypassasjer frå Bergen.

Foto: Ragnar Lurås / NRK

Det var 41 passasjerar som sjekka inn på det siste widerøeflyet med kurs for Bergen. Flyet har plass til 50 passasjerar.

26 passasjerar var med frå Bergen til Skien. Ein av dei var Elin Slaatrem som pendlar frå Bergen til Skien til jobb i Mediateam.

– Det har eg gjort i tre år nå, så eg er veldig lei meg. Det er veldig vemodig.

No blir det ein mykje tyngre reiseveg med buss i ein time til og frå Sandefjord lufthavn Torp, og som skal passe med flyrutene til Bergen.

– Det blir ein annan reiseveg. For det tar ti minuttar frå jobben til flyplassen her i Skien, seier Slaatrem.

Kafeen på Geiteryggen

Kafeteriaen på flyplassen vil ikkje stenge sjølv om Widerøe legg ned flytrafikken.

Foto: Ragnar Lurås / NRK
  • Funnet i god behold

    Den sju år gamle jenta som var savnet i Skien er funnet i god behold. Jenta blir gjenforent med foreldrene. Politiet var i ferd med å trappe opp leteaksjonen, som nå blir avblåst ifølge politiet. Jenta ble funnet av en lærer som var ute og lette.

    Laster Twitter-innhold
  • Leteaksjon etter 7 år gammel jente

    Politiet kaller inn ekstra mannskaper i letingen etter ei 7 år gammel jente på Gulset i Skien. – Jenta kom ikke hjem som avtalt. Det er mørkt og kaldt og vi tar dette på største alvor når det gjelder ei så ung jente, sier Terje Pedersen i politiet.

  • 7 år gammel jente savnet på Gulset

    Politiet leter etter ei 7 år gammel jente på Gulset i Skien. Jenta dro hjemmefra klokke 14.15. Hun har lyst hår og er iført en blå vinterjakke med små grønne, lilla og røde prikker.

  • Spredt HSN skaper trøbbel

    Høgskolen i Sørøst-Norge har støtt på problemer med universitetssøknaden fordi de er lokalisert for mange steder. Rektor Petter Aasen er overrasket over at dette blir et tema og vil rydde opp i eventuelle misforståelser. Høgskolen holder til i Telemark, Vestfold og Buskerud.