Hopp til innhold

– Arrogant å tenkje at jordbruket kan ofrast

SKIEN/OSLO (NRK): Inntektene til bøndene går ned for andre år på rad, ifølgje ferske tal. – Med denne utviklinga, vil unge bønder flykte til andre yrke, trur gardbrukar Johan Martin Tovslid.

Johan Martin Tovslid

MÅ GJEVA MJØLK PÅ FLASKE: Viljeros er fråstøytt frå mora, og må få mjølk på flaske frå Johan Martin Tovslid.

Foto: Sigrid Sørumgård Botheim / NRK

– Eg er svært bekymra for rekrutteringa til yrket. Når ein tener betre i eit låglønsyrke, trur eg unge folk vil kvi seg for å ta over gardsdrifta.

Johan Martin Tovslid driv eit gardsbruk utanfor Skien med ammekyr og dyrking av korn. I tillegg jobbar han som lærar og kraftfôrkonsulent for å tene nok pengar til å investere i drifta. Han ser med bekymring på grunnlagstala før jordbruksoppgjeret.

– Dette går utover kvardagen min, både privatøkonomien og drifta. Når eg har mindre pengar å investere for, vil også inntektsgrunnlaget gå ned. Det blir ein nedgåande spiral.

Tovslid reknar med å tene rundt 4000 kroner mindre kvar månad, dersom prognosen slår til. Men det er ikkje berre sin eigen situasjon han er uroa for.

– Eg synest det er arrogant at vi tenkjer at landbruket er noko vi kan ofre. Eg håpar vi ser nytta i det å ha ein matberedskap, og at det er best å kunne fø seg sjølv på eigne ressursar.

Kalv hjå Johan Martin Tovslid

TELEMARKSKU: Johan Martin Tovslid held den utryddingstrua kurasa Telemarksku.

Foto: Sigrid Sørumgård Botheim / NRK

– Inga overrasking

Ferske tal frå Budsjettnemnda for jordbruket viser at bønder kan forvente ein samla inntektsnedgang på 14.500 kroner per årsverk frå 2016 til 2018. Samtidig aukar inntektene i andre yrke.

Til saman vil gapet mellom jordbruket og resten av samfunnet bli på rundt 40.000 kroner. Tovslid er ikkje overraska over denne utviklinga.

– Dette har vi åtvara om lenge. Om dei skal tette inntektsgapet må dei tette det med kroner, og ikkje med prosentar. Jo mindre vi tener, jo mindre blir prosenten.

Johan Martin Tovslid

BEKYMRA FOR FRAMTIDA: – Eg kjem til å satse vidare, men det trengst ei endring, seier Johan Martin Tovslid.

Foto: Sigrid Sørumgård Botheim / NRK

Spår utfordrande forhandlingar

Norsk Bonde- og Småbrukarlag heldt ei pressekonferanse fredag der dei gjekk gjennom tala frå Budsjettnemnda, og orienterte om kva det vil seia for årets jordbruksoppgjer. Krava frå jordbruket blir overlevert staten 26. april.

– Sett med våre augo, er dette svært dystre tal. Det kjem til å bli utfordrande jordbruksforhandlingar, trur leiar Merete Furuberg.

Ho seier at dei hadde forventa noko heilt anna, sidan Stortinget har vedteke at inntektsskilnaden mellom bønder og andre inntektsgrupper skal bli mindre.

Landsmøte i Norsk bonde-og småbrukarlag.

STORE SKILNADAR OGSÅ MELLOM ULIKE BØNDER: – Vi ser òg at vi har store interne skilnadar, så inntektsutjamning innanfor jordbruket er viktig, seier Merete Furuberg, leiar i Norsk Bonde- og Småbrukarlag.

Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

– Jordbruket må ta ansvar

Leiinga i Landbruks- og matdepartementet har ikkje hatt høve til å gje ein kommentar til NRK, men dei skriv på sine eigne nettsider at det er marknaden som set grenser for produksjonen i landbruket, og at overproduksjon fører til prisreduksjon for bøndene.

Overproduksjon er jordbruket sitt eige ansvar, og god marknadstilpassing og kontroll på kostnadene er føresetnader for inntektsutviklinga til bøndene, seier landbruks- og matminister Jon Georg Dale.

Statsråd  Jan Tore  Sanner, 

MOT FORHANDLINGAR: Jordbruket skal etter planen legge fram sitt krav torsdag 26. april, medan staten og landbruksminister Jon Georg Dale sitt tilbod skal koma fredag 4. mai.

Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix