Hopp til innhold

12.000 seier dei har vore her: – Ikkje sett nokon av dei, seier bedehusleiar

BAMBLE (NRK): Det vesle bedehuset langs E18 har berre nokre titals medlemmar. Likevel seier tusenvis på Facebook at dei har vore der. Kva er greia med Feset bedehus?

Feset bedehus

LITEN FORSAMLING: – 12.000 er enormt mange. På det meste er me kring 50 personar samla på arrangement i Feset bedehus, fortel formann Per Tveten.

Foto: Sindre Thoresen Lønnes / NRK

Langs E18 i Bamble i Telemark ligg eit kvitt hus tett på vegen. Utanfor susar bilar og vogntog forbi i høg hastigheit. Innan for dørene er det stille mellom stolradene.

Ifølgje Facebook har over 12.000 personar sjekka inn akkurat her. «Vaffel og altervin til Lunch i dag» skriv ein kar som sjekka inn for ein snau time sidan.

– Eg har ikkje møtt mange av desse folka, smiler formann Per Tveten.

– Ikkje serverar me vaflar heller. Berre under møter og sundagsskule, legg han til.

Artig snert

Feset bedehus vart bygga i 1882 og har vore ein møteplass i lokalsamfunnet.

– Det er nok mange som ville gjeve Feset bedehus et likarklikk opp gjennom åra, meiner Tveten.

Formannen trur folk sjekkar inn grunna namnet.

– Me som bur her løfter ikkje eit augebryn. Men det er klart at namnet har ein artig snert, smiler han.

Per Tveten, formann Feset bedehus

LANDEMERKE: Feset bedehus er ein stad mange har køyrt forbi.

Foto: Sindre Thoresen Lønnes / NRK

Humor

Mange legg ut bilete av seg sjølv framfor bedehuset. Hilde Caspersen frå Kristiansand er ei av dei.

– Eg er Start-supporter, og når me reiser på bortekampar stoppar me alltid på busshaldeplassen like ved, fortel ho.

Det er blitt ein tradisjon å tagge ein i gjengen som ikkje er med på turen.

– Ein gong var me over tretti personar som sjekka inn på likt, seier ho.

Ho innrømmer at det heile vert ekstra humoristisk grunna namnet.

– Ja, det er jo det sørlandske uttrykket for promp, humrar Caspersen.

Eit fenomen

Henrik Hauglund og kompisen Ken Vatnan frå Grimstad la ut eit bilete av seg sjølv på Feset i 2007 og hevdar det var starten på internettfenomenet.

– Me var på veg til Moss. Feset er ein plass me alltid har køyrt forbi så lenge me kan hugse. Og så har me ein kamerat som har familie i nærleiken. Difor stoppa me og tok nokre bilete, fortel Henrik Hauglund.

Dei heldt fram med tradisjonen og facebookvenene følgde opp.

– Dei siste åra har det teke heilt av, det er rett og slett blitt ein greie som «alle» gjer, ler Hauglund.

Feset

TRADISJON: Her er eit av dei første bileta Henrik Hauglund (t.v.) og Ken Vatnan tok på Feset og la ut på Facebook.

Foto: Privat

Snart slutt?

Om få månader opnar E18 i ny trasé med splitter ny motorveg. Formannen trur merksemda på sosiale medium vil gå drastisk ned.

– Me vil uansett halde fram å forkynne bodskapen om Jesus Kristus, smiler han.

Henrik Hauglund forsikrar at det vil komme nokre innsjekkingar også i framtida.

– Eg kjenner mange sjekkar inn kvar gong dei køyrer forbi. Det er ein måte å fortelje vener at ein er ute på tur. Planen er å halde fram med det.

12 000 check-ins

POPULÆR PLASS: Feset bedehus i Bamble har over 12.000 innsjekkingar på Facebook.

Foto: Sindre Thoresen Lønnes / NRK

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark