Når reparasjonen skal vere synleg, kan du boltre deg i kreative løysingar. Den profilerte syaren Eva Kittelsen, blant anna kjend frå Symesterskapet på NRK, har spesialisert seg på dette.
– Eg synest det er kjempeviktig å reparere i staden for å kjøpe nytt, det er ein soleklar måte å få ned forbruk og forureining på, seier Eva.
Sjå lesarane sine eigne reparasjonar her:
Innsendt av Wenche Storstrand
Innsendt av Lisa Høstberger
Foto: PrivatInnsendt av Lisa Høstberger
Foto: PrivatInnsendt av Maria Thorsen
Innsendt av Vilde Farup Halvorsen
Innsendt av Vibeke Fredrikke Rørholt
Foto: privatInnsendt av Lisa Høstberger
Foto: PrivatInnsendt av Maria
Innsendt av Marte Iren Bakken
Foto: PrivatInnsendt av Lisa Høstberger
Foto: privatHo er blant anna inspirert av den japanske teknikken Kintsugi, som går ut på å reparere keramikk og porselen ved å blande gullstøv i limstoffet.
Tingen blir dermed meir verdt etter reparasjonen enn då den var ny.
– Eg overfører denne teknikken til reparasjon av klede ved å bruke gulltråd og gullfarga tekstilmåling, fortel Eva.
BRUKAR GULL: Eva Kittelsen er ein forkjempar for å bruke synleg reparasjon på hol, flekkar og rivner.
Foto: PrivatHer er hennar fem tips til synleg reparasjon:
1: Lag eit kunstverk
Sy eit motiv som er større enn det du vil reparere. Fest ein tøybit bak holet, og sy småsting på kryss og tvers i eit mønster som veks utover.
2: Bruk friske fargar
Sy eit valfritt motiv over holet, gjerne med friske og kontrastrike fargar. Om du gjentar motivet fleire stader, får det større effekt.
3: Kopiér eit mønster
Har du eit fint mønster du vil bruke, kan du overføre det til stoffet ditt ved hjelp av karbonpapir, då får du eit fint avtrykk å sy etter.
4: Kult med måling
Bruk måling for å oppnå kule effektar, og hindre sårkantar frå å rakne. Her er det berre å boltre seg i fargar, kvifor ikkje gå for gull?
5: Triks for fine saumar
Med hjelpemiddel som ei broderiramme eller ein stoppevevar får du lettare fine saumar og lekre vevingar over flekkar og hol.
Få fleire tips, og sjå korleis Eva gjer, det i denne videoen:
TIPS OG TRIKS: Eva Kittelsen viser korleis du reparerer klede på ein gøy måte.
- Sjå alt frå Symesterskapet i NRK TV her!
Balsam for sjela
For Eva Kittelsen er det balsam for sjela – eller «soul mending», som ho seier – å bøte på flekkar og hol. Ho ser ein tydeleg likskap mellom det å vise omsorg for slitne klede og å vise omsorg for slitne menneske.
– Det er så mykje symbolikk i det å reparere tøy, å ta vare på noko som har blitt øydelagt. Frå å verke ubrukeleg, kan det bli endå sterkare og finare. Sånn er det også med oss menneske, seier ho.
- Les òg:
Auka verdi
Ho framhevar at vi brukar tid og pengar på det vi reparerer, og at det dermed får ein auka verdi. Men det er ikkje likegyldig kva metode vi brukar. Den må tilpassast situasjonen.
– Om du prøvar å reparere tynn silke med tjukke stoff, og silken raknar, så betyr ikkje det at silken ikkje var verdt noko. Det var berre feil type reparasjon, seier Eva.
FORLENGA LIV: Med synleg reparasjon kan klede få eit lengre og festlegare liv.
Foto: Eva KittelsenHo reagerer på dagens sterke fokus på eit perfekt ytre, og at du må nå ein viss standard for å ha ein verdi i samfunnet.
– For kvar reparasjon og sting eg tar, blir eg sakte, men sikkert bevisst at det ikkje må vere slik. Det som viser teikn på slitasje, har ikkje mindre rett på kjærleik og omsorg. Tvert om, det treng faktisk litt ekstra, slår ho fast.
Har du brukt synleg reparasjon?
Det er fint å kunne inspirere kvarandre. Om du prøvar ut denne metoden, håpar vi du vil dele bilde av dine synlege reparasjonar her.
Innsendt av Vibeke Fredrikke Rørholt
Foto: privatInnsendt av Vibeke Fredrikke Rørholt
Foto: PrivatInnsendt av Vilde Farup Halvorsen
Foto: PrivatInnsendt av Marte Iren Bakken
Innsendt av Vibeke Fredrikke Rørholt
Foto: PrivatInnsendt av Vilde Farup Halvorsen
Innsendt av Tine Renate Bjerga
Foto: PrivatInnsendt av Vilde Farup Halvorsen
Foto: privatInnsendt av Marte Iren Bakken
Foto: PrivatInnsendt av Bent Kure
Foto: Privat- Les òg: