Hopp til innhold

Oslo-tiltak held fram på ubestemt tid

Byrådet i Oslo har avgjort å vurdere smitteverntiltak fortløpande. Unntaket er skjenkestoppen ved midnatt.

Folk med og uten munnbind på T-banen i Oslo.

I staden for å komme med nye vedtak annakvar veke, vil byrådet i Oslo når som helst kunne endre tiltaka dersom situasjonen krev det.

Foto: Anders Fehn

Dei siste vekene har byrådet i Oslo innført ei rekkje tiltak for å få bukt med den auka spreiinga av koronasmitte.

Praksisen har til no vore å oppdatere, endre eller justere desse tiltaka kvar 14. dag. Dette har regjeringa òg gjort med nasjonale tiltak gjennom heile pandemien.

Tiltaka har gjeldt i ein periode på 14 dagar, fram til i dag.

No har byrådet vedteke å gjere ei løpande vurdering av kva for tiltak i hovudstaden som skal gjelde og ikkje.

– No er formuleringa i saka at tiltaka blir vurdert fortløpande, skriv kommunikasjonssjefen i kommunen, Hanne Gjørtz, i ein e-post.

I staden for å komme med nye vedtak annakvar veke, vil dei når som helst kunne endre tiltaka dersom situasjonen krev det.

Dette vil dei gjere på ubestemt tid.

Avgjerda kom fredag førre veke.

Raymond Johansen

Byrådsleiar Raymond Johansen vil vurdere smitteverntiltak fortløpande i tida framover.

Foto: Heidi Fjørtoft Klokk / Heidi Fjørtoft Klokk

Ruter: – Snur oss så fort vi kan

Avgjerda til byrådet kan bety at aktørar i Oslo vil vere nøydde til å tilpasse seg ein ny situasjon raskt.

Det bekymrar ikkje Ruter.

– Eg tenkjer ikkje noko spesielt om det. Avgjerda er teken av ein god grunn. Vi snur oss så fort vi kan og implementerer dei tiltaka som må til, seier pressevakt Øystein Dahl Johansen.

Dame med mørkt hår tar på seg et munnbind.

Bruk av munnbind er påbode i kollektivtrafikken der det ikkje er mogleg å halde ein meters avstand til andre.

Foto: Sara Høines / NRK

– Underleg

Unntaket er skjenketider ved serveringsstadene i byen. Vedtaket om at kranene må stengjast innan midnatt skal bli vurdert på nytt om 14 dagar.

Det sa byrådet på ein pressekonferanse på fredag.

Administrerande direktør i Virke, Ivar Horneland Kristensen forventar at byrådet gir aktørar i serveringsbransjen tid til å omstille seg til nye smitteverntiltak.

– Det er underleg at dei gjer ein endring, men samtidig er vår forventning at dei gjer vurderingane så fort smittesituasjonen går den rette vegen. Føreseielegheit for bedrifter er viktig. Og det regner vi med at byrådet forstår, seier han.

NHO, som også representerer serveringsstader, stiller seg bak Virke.

– Vi ønsker dialog så vi kan ha mest mogleg føreseielegheit i denne vanskelege situasjonen, seier regionsdirektør i NHO Viken Oslo, Nina Solli.

Folk på bar på Grünerløkka i Oslo.

Serveringsstader kan framleis ikkje servere alkohol etter midnatt. Dette blir revurdert om 14 dagar.

Foto: Joakim Reigstad/NRK

Oppdatert 13.10: I faktaboksen skreiv vi at maksgrensa for arrangement innandørs var 50 personar. Grensa er 200, men der det ikkje er mogleg med faste plassar, er grensa 50.