Hopp til innhold

FHI: Utbrot av listeriose i Oslo, Viken og Vestland

Folkehelseinstituttet har oppdaga listeriasmitte hos fire personar i Viken, Oslo og Vestland.

Troll laks listeria

Røkt laks frå produsenten Troll Salmon vart trekt tilbake frå butikkane då dei fant bakterien.

Foto: Produsenten

Dei fire, tre kvinner og ein mann, vart alle smitta i juni i år. Dei har vore innlagt på sjukehus, men alle er no friske eller på betringas veg. Det skriv FHI på sine nettsider.

Alle skal ha blitt sjuke etter å ha etter å ha ete røykt laks frå same produsent.

Laksen frå Troll Salmon vart trekt tilbake frå butikkane då dei fant bakterien. Den har gått ut på dato, og er derfor ikkje ute til sals lenger.

Troll Salmon oppfordrar dei som har kjøpt produktet med lotnummer 216 og siste forbruksdato 23.05.2023 i frysaren om å kaste det.

Butikkjeden Coop tilbakekaller òg røykelaks og røykt ørret etter funna. Det opplyser kommunikasjonssjef Harald Kristiansen i Coop Norge.

– Det er påvist små mengder listeria i fire røykte fiskeprodukt. Mengda er under grenseverdien, men Coop ønsker likevel å trekke produktet frå marknaden for at kundane skal kunne stole på at dei produkta dei handlar hos oss, er trygge.

Kundar som har kjøpt produktane, kan levere dei tilbake til butikken og få pengane att, eller eit nytt produkt.

Sjeldan, men alvorleg sjukdom

Ifølge FHI kan dei fleste ete matvarer som inneheld bakterien utan å bli alvorleg sjuke. Nokre grupper er meir utsett, fordi dei toler mindre av bakterien.

– Som eldre, dei med nedsett immunforsvar og foster. Derfor seier ein at gravide skal vere ekstra forsiktige med kva dei et, seier Elisabeth Astrup.

Ho er lege på avdeling for smittevern og beredskap ved FHI.

Blir ein smitta kan ein få symptom som diaré og influensaliknande plagar. Dei utsette gruppene som Astrup nemner over kan derimot få meir alvorleg sjukdom.

– Dei vil kunne få hjernehinnebetennelse eller blodforgifting. Då blir dei innlagt på sjukehus og får behandling der, seier ho.

Sjukdommen blir behandla med antibiotika.

Det er nokre matprodukt som har større risiko for listeriose: røykt, raka og graven fisk, mjuke modningsostar, upasteurisert mjølk og nokre typar kokt kjøttpålegg og rått kjøt.

Viktig med god hygiene

– Listeria er ein diskre, liten bakterie som finst veldig mange stader rundt oss. Den finst i jorda, vatnet og rundt omkring, forklarar Astrup.

Listeriabakterien overlever frysing, salting og røyking. Den formeirar seg raskast i lune temperaturar, men kan og formeire seg i kjøleskapet.

Derfor er det spesielt viktig med god hygiene når ein handterer produkt som røykelaks, ifølge Mattilsynet.

Dersom den først kjem inn i eit produksjonsmiljø og etablerer seg der er den svært vanskeleg å bli kvitt.

Som oftast kjem den inn via personell, råvarer eller utstyr. Ei viktig årsak er manglande kontroll mellom reine og ureine soner.

Er i dialog med produsenten

Mattilsynet har intervjua pasientane og henta inn produktprøvar for å finne årsaka til utbrotet. Prøvane har vorte analysert av Veterinærinstituttet.

Seksjonssjef i Mattilsynets seksjon for biologisk mattryggleik Lindis Folkvord siger at dei har god dialog og samarbeid med Troll Salmon etter utbrotet.

– Det innebærar at vi går gjennom verksemdas rutinar, analysar og prøver som verksemda har gjort med tanke på listeria, og ser på om det er noko vi kan gjere for å unngå bakterien i dette miljøet.

Folkvord påpeikar også at listeria er ein bakterie som finst naturleg i miljøet rundt oss.

– I utgangspunktet er dette ein naturleg nærverande bakterie, men vi ønskjer å informere at personar som er i risikogruppa tek førehandsreglane sine og følgjer råda til Mattilsynet og folkehelseinstituttet.

Les også Listeriabakterie i rakfisk – flere har blitt syke

Rakfisk fra Slidre Ørretsenter AS