Hopp til innhold

Allereie 60.000 besøkande til Nasjonalmuseet

Den første veka sidan Nasjonalmuseet opna, har rundt 60.000 besøkt museet. Dei høge tala er ei positiv overrasking for marknadsdirektør Tord Rønning Krogtoft.

– Vi var førebudd på mykje besøk, men det er enda betre enn vi venta, seier han.

Det er vanlegvis stor interesse like etter opninga av museum, men dei gode tala kan vere ein indikasjon på korleis turistsesongen blir.

Krogtoft trur det kan bli ein hektisk og spennande sommar.

Då Munch-museet opna i fjor, var det 20.000 besøkande. Då var det koronarestriksjonar, og dei kunne ikkje ha fleire på besøk.

Nasjonalmuseet
Foto: Iwan Baan / Iwan Baan

Flere nyheter fra NRK Stor-Oslo