Hopp til innhold

Mista 6000 tilsette i utelivet i Oslo

I ein rapport frå Oslo Handelsstandsforening kjem det fram at utelivsbransjen mista 6000 tilsette i løpet av pandemien. Osloanalysen for 2021 slår fast at det gjekk med over 3000 i 2020, og om lag like mange i 2021.

Likevel peika ikkje alle piler nedover for 2021.

– Serveringsverksemdene auka omsetjinga med 13,5 prosent frå 2020, trass i at 2021 var endå meir nedstengt enn 2020. Det blir difor meir naturleg å samanlikne mot 2019, og då viser tala ein nedgang på 30,1 prosent, seier Bjørn Næss frå foreininga.

Han er stadig i kontakt med plassar som har problem med å få tak i folk.

– Med høg etterspurnad og for lite folk, skyt lønningane i vêret. Då blir det krevjande å drive for fullt og samstundes halde oppe servicenivået.

Mange vel difor å redusere drifta, fortel Næss. Det skjer ved at dei stengjer ein dag i veka, opnar seinare på dagen eller fjernar nokre av borda for å få kabalen til å gå opp.

Øl
Foto: Tore Ellingseter / NRK