Hopp til innhold

Fire personar fengsla etter narkoaksjon i Oslo

Alle dei fire som vart arresterte og sikta for narkotikaverksemd er fengsla i fire veker med brev- og besøksforbod. Det stadfesta Kripos til NRK onsdag ettermiddag.

Aksjonen der dei vart arrestert er ein del av Kripos-operasjonen «Hubris» som starta våren 2018. Målet er å overvinne kriminelle gjengar på Austlandet.