Som tenåring frykta Trude av livet var øydelagt.

Heile livet har ryggen vore hennar største hindring.

Likevel har ho blitt noregsmeister i ein spektakulær og knallhard sport.

muscleup-trude

Bøygd - ikkje øydelagd

Muscle up-Trude

Trude Størmer Vinje er tenåring.

Kvar morgon tek ho korsettet på.

Ho strammar det inn på ryggen, før ho så tek beina fatt og går til skulen.

Det er veldig stramt. Det er ekkelt å ta djupe andedrag. Ribbeina som stikk ut blir klemt saman. Dei trykkast inn, det er eit konstant trykk.

– Det er slitsamt. Eg gjekk heile tida og kjende på at eg hadde eit korsett på meg. Det blei aldri ein del av meg.

Det foreldra hennar ikkje veit er at kvar dag, på veg til skulen, spring ho innom ei venninne. Der riv ho av seg korsettet og lempar det inn i klesskapet hennar. Ho vil ikkje bruke det.

Slik held ho på i nesten eit heilt år.

– Eg lurte alle rundt meg og først og fremst meg sjølv. Kontrollen vi hadde – visste eg hadde sklidd ut. Det hadde blitt veldig mykje verre.

Det skulle få ein knallhard konsekvens.

– Eg skreik og skreik. Det rakna heilt.

Trude sit ute i hagen til tanta si i England med ei rutete fløyelsskjorte og klappar den brune hunden Shane. Dette var siste sommaren ho hadde utan korsett sidan skoliosen var ikkje oppdaga på dette tidspunktet.

Siste sommaren utan korsett. Skoliosen var ikkje oppdaga på dette tidspunktet. Det var dette året at skeivskapen tok til og gjorde Trude meir og meir plaga. Her er Trude saman med Shane, hunden til tanta si i England.

Året er 1985. Trude er 12 år gammal. På ei standard undersøking hos helsesøster på skulen, får ho vite at ho har svingingar og kurver i ryggsøyla.

Så betydelege kurver at det ikkje tek lang tid før ho blir sendt til Sophies Minde i Oslo.

Der vert ho innlagd og må vere ei god stund, så lenge at ho må både ha skule og undervisning der i fleire periodar. Her får ho diagnosen skoliose.

– Eg fekk tilpassa eit korsett, og hadde gradvis tilvenning av det. Til slutt måtte eg ha det på 23 av 24 timar i døgnet.

Slik blir kvardagen hennar sjåandes ut i fire år.

NRK møter Trude ein vinterdag i Trondheim. Kaldt, men magisk.

Det er ingen fotspor i hagen, for det er kome ny snø som har lagt seg fint på bakken.

Trude går bestemt mot treningsstativet i hagen, tek tak i to av stengene med kvar si hand og løftar kroppen rett opp.

Dette er berre eitt av dei mange vanskelege triksa ho kan.

Ho heng som eit menneskeleg flagg.

Korleis er dette mogleg med ein så skeiv rygg?

Heilt i starten er det ein liten del av henne som synest det er litt kult med korsett.

– Det blei ei greie på skulen. Eg kunne legge meg på golvet med korsettet og dei litt større gutane kunne stå på magen min. Det blei litt «show off».

NRK bad om å få sjå korsettet, men det kasta Trude for mange år tilbake. Det er eit kapittel ho har lagt bak seg.

I puberteten snur det.

Det er ikkje lenger kult.

Det går frå å vere kult til å bli ei stor indre konflikt. Også ei konflikt i forholdet til foreldra hennar.

– Det blei ein dragkamp mellom at eg ikkje ville ha den på fordi ingen kle sat fint på og at foreldra mine sa: «Du må skjønne at du må bruke den, viss ikkje vert du verre. Då kan det bli operasjon». Det var tøft.

Trude sit med eit stort og gamalt album i hendene og ser tilbake på dei gamle minna ho har frå barndomen. Ho smiler medan ho blar i det brune albumet.

Trude gjekk alltid med store overdelar og genserar for å skjule korsettet så godt som råd. Her kan ein sjå at korsettet stikk litt ut.

muscleup-trude

Det blei fleire hyppige og små måltid då korsettet ikkje gav så mykje plass i magen. Trude blei raskt mett og raskt svolta.

Det var ingen som førebudde Trude og foreldra mentalt på korleis det skulle bli å ha ei dotter med korsett. På denne tida var sosiale medium ikkje-eksisterande.

Ein kunne ikkje google. Ein fann ingen nettverk der det var fleire personar i same situasjon.

For Trude blei det overraskande slitsamt i puberteten.

Det gjorde noko med hovudet hennar, ho kjende det både på sjølvbiletet og på sjølvtilliten.

– Det blei ganske einsamt for foreldra mine og meg.

Det var ikkje før ho fekk den nedslåande beskjeden om at det skulle bli operasjon at ho innsåg alvoret.

Ifølgje Helse Bergen opplever mange ungdommar som opererast for skoliose å falle litt utanfor kvardagen – skule, idrett og sosiale aktivitetar med vennar.

Trude sit heime i sofaen i Trondheim og speidar ut vindauget mot den snødekte hagen sin. Ho har på seg svarte treningskle og har ein gul Mummikopp i handa.

Men Trude kjende på ei form for urettferd.

– Kvifor skulle eg få den? Det er fysisk ubehageleg å ha den på.

Trude var mykje sint, utolmodig og ukonsentrert. Ho gjorde det ikkje så bra på verken ungdomsskulen eller vidaregåande.

– Tankar som «No er livet mitt øydelagt, eg kjem til å ha dette korsettet for alltid og eg kjem aldri til å få kjærast» kom og gjekk i korte periodar.

Dei få gongane ho fekk ta det av var då ho dansa og trente. Det vart ein fridom for Trude.

Ei ordentleg pause frå kvardagen.

– Jo lengre treninga var, jo betre var det for meg.

På dette tidspunktet var Trude ein aktiv ballettdansar. Fordi ho hadde treningar kvar dag, fekk ho ta den av ofte.

Trude sit nede i spagaten inne i eit dansestudio medan ho ser inn i kamera og smiler breidt. På dette tidspunktet går ho i sjuande klasse og har på seg ein gul genser og svart bukse.
På treningssenteret i Trondheim viser 50 år gamle Trude at ho framleis kan spgaten. Ho er kledd i heilsvarte treningskle og har på seg blå converse-sko.

Slik blei det derimot ikkje dei gongane ho skulle på klubben og danse. Det var spesielt då ho synest det var kjipt.

Det året ho fylte 16 år kvitta ho seg med korsettet. Då var ho rekna som «ferdig utvikla», men det var framleis mykje uro i henne.

Til overrasking for Trude blei det heldigvis ingen operasjon.

Skoliose-kirurgi anbefalast når skeivskapen overstig 40–50 grader. Skeivskapen hennar ligg mellom 38 og 39 grader.

– Angrar du på at du lét vere å bruke korsettet i nesten eit heilt år?

– Ja. Eg trur eg hadde hatt ei mindre kurve i dag dersom eg hadde gjort som eg hadde fått beskjed om. Men eg tenkte ikkje på konsekvensane på den tida.

Trude sit på golvet og tøyar handleddet før ho skal til med treninga.

– Det går ikkje an

Siste gong ho var innom Sophies Minde fekk ho streng beskjed: Ho fekk ikkje lov å løfte tungt, ikkje meir enn fem kilo.

Det valte Trude å trasse.

– Det går ikkje an. Då kunne eg ikkje gjere nokon ting. Då eg fekk beskjed om ikkje å løfte meir enn fem kilo, tenkte eg at det må eg kunne gjere.

Det første ho gjorde same sommaren var å melde seg inn på treningsstudio, og begynte å trene styrke.

Ho hadde framtida i fokus.

Det å ta grep for at den perioden av livet skulle bli så bra som mogleg var viktig – ho skulle trass alt bli gamal med denne ryggen.

Det blei starten på eit liv fullt av treningsglede.

Etter som åra gjekk, vart også konkurranseinstinktet vekka til live.

Trude heng i ribbveggen i stativet ho har i hagen og smiler. Eine foten er bøygd og den andre strak. Stativet og bakken er dekt av nysnø.
Trude heng som eit menneskeleg flagg frå stativet ho har i hagen. Trikset heiter "human flag".

«muscleuptrude»

For åtte år sidan, i ein alder av 42 år, oppdaga ho, ved ei reint tilfelle, det som skulle vise seg å bli lidenskapen hennar.

Trude er på eit treningssenter for å trene, då noko stel merksemda hennar.

– Eg såg ei som gjorde muscle-up i ringar, og blei ekstremt fascinert av det.

Ho blir ståande og sjå på dama i ringane.

I den augneblinken bestemmer Trude seg. Ho skal klare det same.

Først etter seks månader knekk ho koda. Då greier ho sin første muscle-up i ringar.

Det er berre starten. Neste mål er å klare ein strak over stong.

– Når eg klarer den, skal eg endre namnet til «muscleuptrude» på Instagram, tenkte eg. Det var ei gulrot.

Litt over eitt år seinare losnar det.

22. september 2017 blir ei milepæl.

– Eg var heilt sånn «herregud!». Det er noko med den gleda når du klarer noko som du aldri hadde tenkt at du skulle få til. Det trur eg er mykje av drivkrafta i kroppsvektstrening.

Frå no av går ho under namnet «muscleuptrude».

Trude har funne treningsforma som fungerer for henne, nemleg calisthenics.

Kjensla av meistring kjem oftare. Ho kjenner at ho vert sterkare på ein måte som ho aldri har opplevd maken til før.

– Det er ei treningsform der eg aldri har ryggsøyla i komprimert stilling.

Samanlikna med tunge knebøy og jogging, er dette betre for henne.

I dag er ho 50 år, meir mobil i brystryggen, og har større utslag i skulderpartiet. Ein sterkare kjernemuskulatur har ho også fått, noko som har hatt positiv effekt for ryggen.

– Eg føler kroppen min har det betre i dag enn for ti år sidan. Før kunne eg vakne om morgonen og vere ekstremt stiv i korsryggen. Eg kunne bruke lang tid på å få i gong maskineriet.

Trude har løfta seg opp i to ringar medan ho strekk høgre hand ut samtidig som ho held den andre ringen tett inntil brystet. Blikket hennar er festa like over ringen i høgre hand.
Trude lener seg framover og ser rett i kamera med store auger medan ho held seg fast i to ringar med hendene.

Mot nye høgder

Det tok ikkje lang tid før Trude blei kontakta av ein entusiast i miljøet som ville at Trude skulle melde seg på NM i Street Workout.

Der er to greiner ein kan konkurrere i: anten «power» eller «freestyle».

– Med ein gong det er koreografi, og eg kan ha musikk til – då tenker eg det kan bli kult.

Den gamle ballerinaa i henne kom fram. Ho var seld.

Til alle si overrasking stakk Trude av med Norgesmeistertittelen, som 45-åring.

Etter meisterskapet var ho heilt sikker på at ho var ferdig å konkurrere. Likevel blei det eit NM året etter, i 2020, der ho tok sølv.

I 2021 blei det endå eit meisterskap. Då kom ho på fjerdeplass i Nordics.

Etter dette meisterskapet la ho opp som konkurrerande utøvar, i ein alder av 48 år.

Trude heng opp ned frå ei stong med berre hendene. Ho har begge beina over hovudet strekt ut i nesten ein spagat rett under stanga.
Trude heng med begge hendene frå ei stong med begge beina strekt rett ut frå kroppen. Øvelsen heiter L-sit.

Sjølv om Trude kan vere noregsmeister i å løfte si eiga kroppsvekt og vere ein fantastisk akrobat, så kan ho ikkje gå langt og lenge på asfalt.

Det å vandre i byen er kjempeslitsamt. Å gå med tung sekk er heilt uaktuelt.

– Det går ikkje. Eg blir så sliten og får ordentleg vondt. Då må eg sette meg ned ofte.

Det blir verken toppturar eller lange joggeturar.

Likevel er ho ikkje så oppteken av alt ho ikkje karer, ho har heller valt å fokusere på det ho får til.

Det legg ho ut på Instagram. Det er blitt hennar treningsdagbok.

I skrivande stund har ho i overkant av 11 tusen følgjarar på den sosiale plattforma.

Ho synest det er veldig kult at folk anerkjenner det ho har fått til, kor mange timar med arbeid det er som faktisk ligg bak resultata.

– Det har vore ein ekstra gevinst, men hovudgevinsten – den har jo eg.

Dei mest verdifulle tilbakemeldingane er dei ho får frå vaksne menneske. Foreldre som tek kontakt fordi dei har nettopp oppdaga at barnet deira har skoliose og må begynne med korsett.

«Eg har prøvd å vise dottera mi kontoen din for å oppmuntre henne» kjem det frå bekymra foreldre som gjerne vil forsikre seg om at det kjem til å gå bra.

Inne på treningssenteret i Trondheim held Trude hendene godt fast i ringane som heng frå taket og viser fram musklane i armane sine. Ho ser rett i kamera og smiler.

– Livet er ikkje over fordi du skal behandle ryggen din i nokon år.

50-åringen er klar på at ein aldri må vere redd for å prøve ut noko nytt eller å feile. Heller ikkje smerte.

– Ikkje trekk på skuldrene og tenk «dette kan eg ikkje gjere fordi eg har skoliose». Ein kan gjere noko som gjer at det triggar og blir vondt, men det går over. Ta eigarskap i din eigen situasjon, i staden for å bli eit offer.

Heisann!

Har du tips til andre liknande historier, eller har du noko på hjartet etter å ha lest saka mi? Då blir eg glad for ein e-post!