Fannemel
Foto: © Dominic Ebenbichler / Reuters / REUTERS

Kampen om hoppdressen

Helg etter helg blir hopparar diskvalifisert for feil med dressen. Kvifor gamblar sjølv verdas beste hopparar på grensa av regelverket?

Til OL i Pyeongchang reiste det norske hopplandslaget med eit hemmeleg våpen i kofferten.

Eit nytt svart stoff med spesielle eigenskapar hadde løfta nordmennene til botnen i bakken på trening. Ingen andre utøvarar hadde tilgang til det same stoffet, som heva den norske hoppdressen til nye høgder – og lengder.

Resultatet vart to gull, eit sølv og ei bronse – i det som vart Noreg sin største medaljefangst nokon sinne i eit OL.

Vinter-OL. Olympiske leker i Pyeongchang 2018. Hopp menn.

Dei norske hopparane gler seg over norsk OL-gull i laghopp. Kva var hemmelegheita med den svarte dressen? F.v. Daniel André Tande, Robert Johansson, Johann André Forfang og Andreas Stjernen.

Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

Noreg vann nesten alt i lagkonkurransen i verdscupen i fjorårets sesong. Fire av dei ti beste hopparane i verda hadde norsk flagg på hjelmen, og i skiflyging var det Andreas Stjernen som til slutt kunne løfte verdscuptroféet.

I år starta sesongen med diskvalifisering.

Robert Johansson forlét hoppkanten i ein dress som er større enn reglane tillèt. Fjorårets komet sin beste plassering er ein 6.-plass frå Russland.

Andreas Stjernen hamna heilt sist i finske Ruka og reiste ikkje til Russland. Johan Andre Forfang er den einaste hopparen som har vore på pallen.

Den nye russiske hoppkometen Jevgenij Klimov hoppa i november seg inn i historiebøkene, då han vart den første russiske hopparen med siger i verdscupen for herrane.

Det skjedde i ein svart hoppdress – av same stoff som dei norske hadde suksess med i fjorårets sesong.

Finnen Antti Aalto har også dukka opp med ein dress i det same stoffet som Noreg. Det same har Vladimir Zografski frå Bulgaria.

Det hemmelege våpenet til OL i Sør-Korea er ikkje lenger hemmeleg.

Det er slik idretten er blitt. Det er ein evig kamp om det optimale, og hemmelegheiter blir ikkje verande hemmelege veldig lenge.

Så kva skjer då?

Sydde ut leggen

I toppidrett handlar alt om små detaljar, men i få idrettar er sjølve drakta så viktig som i hoppsporten. Utan ei god drakt er det rett og slett umogeleg å gjere eit godt hopp.

Ja, faktisk så viktig at det kan skilje om ein hoppar enda på kulen eller i botnen av bakken, ifølgje NRKs hoppekspert Johan Remen Evensen.

Den svake sesongopninga fekk det norske laget til å snu på alle steinar. Før hopprennet i finske Ruka vart alle dei norske hoppdressane sydd ut i leggen.

Johan Remen Evensen

NRK sin hoppekspert Johan Remen Evensen meiner hoppdressen kan avgjere om det blir eit hopp på kulen eller om du når botnen av bakken.

Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpix

Sjølv om det er snakk om ei særs beskjeden endring på knapt ein centimeter, så hadde dei forventningar om at det skulle gi store utslag.

Robert Johansson sa i eit intervju med NRK at det fort kunne vere snakk om ti til femten meter.

Kort fortalt handlar det om at det er viktig å få hoppskia tett opp mot kroppen ut av hoppkanten. Om hoppdressen er for stram rundt støvelen, vil ikkje det gi den maksimale oppdrifta og hopplengda blir redusert.

Landslagssjef Alexander Stöckl er sikker på at det hadde effekt, sjølv om det kanskje ikkje umiddelbart gav utslag på resultatlistene.

Dagen etter vraka Robert Johansson likevel den svarte dressen. I staden stilte han på hoppkanten med dressen han hadde hatt stor suksess med gjennom heile sommaren.

– Det var eit forsøk på å prøve å gi han tilbake litt sjølvtillit, forklarar Stöckl.

Kjem frå bilindustrien

Alt stoff som i dag blir brukt i hoppdressane har faktisk sitt opphav frå bilindustrien og skal ha blitt nytta i produksjonen av bilsete.

Den største fabrikken finn vi i Sveits, men det finst leverandørar i fleire land. Stofftypen er ofte den same og det er alltid fem lag.

Hemmelegheita ligg i korleis dei fem laga blir sett saman og ikkje minst korleis laga blir sydd saman. Medan nokon får dei ferdigsydd på fabrikken, har større nasjonar som Noreg, eigne skreddarar som tek seg av den jobben.

Nokon stoff er glatte som silke, medan på andre dressar er det som å ta på eit sandpapir.

Ifølge Evensen er det opp til stilen til den enkelte hoppar som avgjer kva stoff ein bør velje. Det som funkar ekstremt bra for ein utøvar kan rett og slett vere ubrukeleg for ein annan.

Hoppdressen er sydd på ein slik måte at dei slepp inn luft framme og demmer opp bak. Målet er å få ein slags «vinge-effekt», så hopparane får meir luft til å flyte på.

– Dei er byrja å forske veldig på dei mikroskopiske skilnadane i dei ulike stoffa, for å prøve finne ut kva som skil eit stoff frå eit anna, seier Evensen.

Før OL i Sør-Korea hadde dei norske svarte hoppdressane blitt testa både i vindtunnel og hjå SINTEF. Etter timevis med testing meinte nordmennene å funnet eit hemmeleg våpen.

– Det var eit stoff som var meir mattare i fargen enn tidlegare. Vi hadde trua på det, og opplevde at vi hoppa lengre med det, fortel Magnus Brevig som er utviklingssjef på det norske hopplandslaget.

Evensen meiner at styrkeforholda mellom utøvar, teknikk og utstyrt har utlikna seg meir og meir dei siste åra.

– Men å sei at det berre er dressen som skal til, blir feil. Det er ein del av dei tusen brikkene som må på plass for å gjere eit topphopp.

Den store revolusjonen

Det å ha det beste utstyret er ingen ny kamp. Tidleg på 70-talet var den klassiske hoppuniforma bukse og genser, før den tid var også nikkersen ein vanleg hoppantrekk.

Birger Ruud med Kongsberg-knekk i svevet

Birger Ruud i det som var den klassiske hoppuniforma fram til 70-talet. Bukse og genser, samt topplua.

Foto: Scanpix / Scanpix

På midten av 70-talet skjedde derimot den første store revolusjonen. Dei austerrikske hopparane dukka plutseleg opp i heildekkande dressar. Dei andre utøvarane vart ståande att i unnarennet og måpe.

– Dei som ikkje hadde hoppdress var jo ikkje i nærleiken med å nå opp, har Espen Bredesen blitt fortalt.

– Det var jo ein veldig stor revolusjon. Austerrikarane var dei første til å bruke gjennomstrauminga. Dei hadde dressar som slapp inn mykje luft framme og hadde gummi i ryggen, så det vart jo som ein ballong, minnast Bertil Pålsrud, som er ansvarleg for å kontrollere alle hoppdressar i FIS.

Den heildekkande drakta vart raskt noko alle brukte.

Men så dukka det opp ein svenske som endra hoppsporten for alltid. Frå å stå oppreist med skia samla – begynte plutseleg svensken Jan Bokløv og lene seg framover og skreve med skia. I dag kjent som V-stil.

Jan Bokløv

Jan Bokløv revolusjonerte hoppsporten med måte han hoppa på.

Foto: Ingvar Karmhed/SCANPIX Sverige / SCANPIX

Protestane mot den nye stilen var høglydte. Men det tok ikkje lang tid før kritikarane stilna.

Hoppdressen var plutseleg blitt enda meir viktig.

– Man gjekk frå å hoppe på ski til og fly på ski. Det er jo eigentleg to ulike idrettar, seier Evensen.

Espen Bredesen er ikkje redd for å kalle det ein av dei største revolusjonane innanfor hoppsporten.

– Dressen vart jo enda viktigare då. Vi begynte etter kvart å gå ned i vekt – ha fokus på lengda av skia og hoppdressen. Oppdrifta var plutseleg blitt mykje viktigare.

Reguleringar av hoppski og dress vart alt den gang strengt regulert. Men regelverket vart tøya til det ytste. Og stadig meir kreative påfunn dukka opp.

«Sagging»

Medan Bredesen på starten av 90-talet hadde briljerte og kunne sjå tilbake på OL-gull på heimebane, var det igjen austerrikarane som på nytt skulle sjokkere sine konkurrentar.

Brått ein dag dukka dei opp på bommen med «saggedress».

– Det var jo først då vi skjønte at, oi, vi kan jo ha større dress. Dei vant jo – sjølv om enkelte av dei aldri hadde hoppa langt før.

Lillehammer-OL Espen Bredesen

Espen Bredesen, her i klassisk 90-talsdress, opplevde at hopparane frå Austerrike plutseleg begynte å sagge med hoppdressen.

Foto: NRK

Det vart berre ein sesong med «saggedress» i hoppmiljøet. FIS såg at «sagginga» hadde så ekstreme utslag, at dei sette ned foten.

– Den effekten var jo så stor at det blir jo spekulert i heilt fram til i dag, seier den norske hopplegenda frå 90-talet.

For trass i forbodet til dei høge herrar i forbundet vart det jobba på spreng i miljøet for å omgå regelverket, eller til og med bryte det, utan at kontrollørane oppdaga det.

Den tidlegare landslagshopparen Atle Rønsen Pedersen fortalde til VG i 2015 om korleis han sjølv hadde vore med på manipulere med dressen.

– Eg drog ned dressen så mykje eg kunne frå knea og nedover. Då fekk eg flytta stoffet, og oppnådde større flate i skrittet. Det blir som å gå med buksa litt lågare (sagging), fortalde Pedersen i eit intervju med VG i 2015.

Det gjekk og mange historier om korleis stillongsen under dressen var festa med kiler i hoppskoa for å utvide skrittet. Strengt forbode, men nesten umogeleg å oppdage av kontrollørane.

I dag er difor også kva undertøy hopparane har på seg blitt bestemt av toppane i FIS. Stillongsen er blitt forbode. No skal det vere boksershorts og t-skjorte. Utøvarane må ha belte på hofta for at man skal unngå problemet med «sagging».

I periodar var dressane enda strammare enn i dag. Men då uteblei og dei beste resultata. Bertil Pålsrud, som i dag leiar utstyrskomiteen i FIS, meiner at dei per no har landa på eit godt regelverk.

– Eg ser ikkje heilt det store problemet med utstyret i dag og har vanskeleg for å tru at det blir store endringar i prinsippa her.

Må balansere på knivseggen

Men ifølge den norske hopptrenaren, Alexander Stöckl, vil dei halde fram med å optimalisere effekten av dressen.

Vinter-OL. Olympiske leker i Pyeongchang 2018.

Den norske landslagstrenaren i hopp Alexander Stöckl meiner dei norske hopparane ikkje blir diskvalifisert meir enn andre nasjonar.

Foto: Lise Åserud / NTB scanpix

For det finst mange mytar om hoppdressen. Nokon meiner at sjølv fargen kan ha ein effekt. Men i kampen om alle dei små detaljane, går det nokon gonger frykteleg gale også.

I løpet av dei fire siste verdscupsesongane har norske hopparane blitt diska 17 gonger på grunn av dressen, ifølge tal frå VG.

– Man må legge seg på knivseggen og balansere. Eg skjønnar at det kan høyre idiotisk ut for mange, men det er ikkje noko vits å vere med om du ikkje ligg der, seier NRK sin hoppekspert.

Med så små marginar skjer det også feil.

– Vi er nok ikkje verre enn andre nasjonar, og ser du totalt sett er det ikkje mykje disking, meiner den norske hopplandslagssjefen, Alexander Stöckl.

– Dei fleste ligg nok nær grensa, men det er jo særdels viktig å ikkje gå over. Disking er jo skjebnesvangert, seier Bertil Pålsrud i FIS.

Reglane er enkelt sagt at det skal ikkje vere meir enn tre centimeter mellom kroppen og dressen.

– Skal du legge deg to centimeter på den sikre sida for å ikkje bli diska, så taper du ti meter i lengde og har du ikkje sjanse på å henge med. Då er det ikkje noko poeng å drive på, understrekar Evensen.

Han er den første til å innrømme at utslaga er ekstreme. Sjølv hadde han med seg fire dressar til Vikersund 11. februar 2011.

Den dagen sette han ny verdsrekord med eit hopp på 246,5 meter.

– Hadde eg tatt den dårlegaste dressen, så hadde eg hoppa 50 meter. Men heldigvis tok eg den optimale. Det er blitt veldig små marginar og kvar centimeter på den dressen tel, seier Evensen.

Assistenttrenaren og hopplandslaget sin utviklingssjef, Magnus Brevig, er ikkje i tvil om at utviklinga av hoppdressen blir det viktigaste våpenet i framtida.

– Like viktig som skismørjinga er for ein langrennsløpar, vil hoppdressen vere for ein skihoppar.

Men kva som skjer på bakrommet før VM i Seefeld, vil han naturlegvis ikkje snakke høgt om.

Det einaste sikre er at det blir jobba intenst.

Og det er ikkje sikkert dressen er svart når Johansson og resten av dei norske gutane svevar ut frå hoppkanten i den austerrikske landsbyen i februar.

Først når alle medaljar er telt opp og alle trofé er delt ut, får vi kanskje svaret på om kva som blir neste sesongs farge i hoppsporten.