Dimitri Payet
Foto: Thanassis Stavrakis / Ap

Uttalemareritt for EM-kommentatorane

Denne mannen sette i gang ein debatt. Ein debatt du anten elskar eller hatar.

Kommentator Christian Nilssen sitt på Stade Bollaert-Delelis i Lens og sveittar. Det er berre nokre minutt igjen til hans fyrste kamp i EM.

Sveits mot Albania, med stjernespelar Xherdan Shaqiri for Sveits.

Han har undra seg: skal han uttale det slik dei fleste sveitsarar gjer? Med ein klar "k" i midten av etternamnet, «Sjakiri»?

Eller skal han heller uttale det slik ein gjer i landet der både etternamnet og Shaqiri sjølv stammar frå, Albania – der dei seier namnet med ein "tsj"-lyd, "Tatsjiri"?

FBL-EURO-2016-MATCH14-ROU-SUI

ULIKE MÅTAR: Sveits midtbanestjerne Xherdan Shaqiri har opphav frå Albania, men oppvaksen i Sveits. Derfor er det to måtar å uttale namnet hans på.

Foto: MIGUEL MEDINA / Afp

Klagestorm venta

Ein skulle kanskje ikkje tru det var så forferdeleg farleg. Men valet Nilssen står ovanfor er faktisk så viktig for ein del menneske at dei neste dagane skal NRK oppleve reine klagestormen.

Etter grundig research Nilssen landar på den albanske uttalen, og reaksjonane lar ikkje vente på seg.

Laster Twitter-innhold
Laster Twitter-innhold

– Det er eit vanvitig engasjement. Eg trur kanskje nordmenn bryr seg meir om dette enn i noko anna land, seier Nilssen og ler.

Christian Nilssen i Paris

VIKTIG: NRKs hovudkommentator Christian Nilssen skjønar kvifor publikum synest det er viktig å uttale namn riktig. – Det er veldig hyggeleg at folk engasjerer seg, ser på og at dette betyr noko for dei, seier Nilssen.

Foto: NRK

Språkguruane kastar seg også over tastaturet i forrykande engasjement.

Ein kjapp telefon til språkvitar og tidlegare direktør i språkrådet viser dette. Før me ein gong rekk å presentere temaet me vil snakke om, er Sylfest Lomheim kjapt ute.

– Du må helse kommentatorane hjå deg og seie at dei må lære seg å uttale namna på spelarane dei kommenterer!

Meir frå han seinare.

Payet eller Paye?

Det er den tida igjen.

Store meisterskap genererer sjølvsagt stor interesse. Her til lands er uttale av utanlandske spelarnamn noko av det nordmenn fyrer seg aller mest opp om.

Det har blitt eit fenomen.

– Med Payet var eg jo heilt sikker, men så sitt det folk heime som kan fransk, veit reglane og er sikre på at eg seier feil heile vegen.

TV2-kommentator Øyvind Alsaker ler litt av heile greia, men ikkje tru at han ikkje tek dette seriøst. Før opningskampen ringde han for eksempel den rumenske ambassaden for å få dei til lese opp alle namna til dei rumenske spelarane.

Nå snakkar han om den store snakkisen i den same opningskampen mellom Frankrike og Romania. Det som var starten på uttalesagaen me har fått i EM

Dimitri Payet er fransk, og skulle etter franske uttalereglar kallas «Paye». Men EMs kanskje største stjerne til nå er oppvaksen på den franske øya la Reunion. Derfor kan franske uttalereglar gløymast, Payet skal ha t til slutt.

– Det viser jo kor vanskeleg det kan vere. Det kom masse reaksjonar. Eg trur folk likar å vise at dei kan noko. Viss ein kan eit språk og høyrer at ein på TV seier eit namn på ein annan måte enn det som er riktig, så vil dei vise at dei har peiling, seier Alsaker.

Enda vanskelegare er det når kommentatorane prøvar å endre eit innarbeidd namn som nordmenn er van med å høyre bli uttalt på «sitt» vis.

– Mange steglar jo litt når dei høyrer me seier Pep, når dei er van med å høyre Pepe. Nokre gonger møter ein situasjonar der ein spelar har blitt kalla noko over lengre tid som nødvendigvis ikkje er riktig. Når me da seier det me meiner er riktig, står me på den linja, seier NRKs hovudkommentator Christian Nilssen.

EM i fotball 2016

EM-TEAM: Både TV2 og NRKs team har brukt mykje tid på research av uttale spelarnamn. Likevel er langt ifrå alle fornøgd.

Foto: Øivind Oksnes / TV 2

– Totalt irrelevant

Men er dette unikt for Noreg? Er riktig uttale av utanlandske namn eit viktigare prinsipp her til lands?

Me hentar tilbake språkvitar Sylfest Lomheim som nærmast dirrar av engasjement i telefonen.

– Nei, det er det sjølvsagt ikkje. I alle oppegåande land er det ein sjølvsagt ting at ein vil uttale namn så korrekt som mogleg i heimlandet, seier Lomheim og legg til.

– I Noreg har me heilt klare prinsipp og reglar.

Sylfest Lomheim

BASTANT: Sylfest Lomheim meiner uttalereglar er like viktig i Noreg som i våre naboland, og er svært viktige å halde fast ved.

Foto: Sindre Hopland/NRK Sørlandet

Me let Lomheim greie ut om akkurat dei prinsippa.

– Regelen i Noreg er alltid å uttale namnet så likt som mogleg den aktuelle personen gjer det. Av og til må det likevel tillempast noko det lydsystemet me nordmenn har.

Me tek tilbake den sveitsiske stjerna Shaqiri og utfordrar Lomheim. Kva er viktigast, korleis familien og hovudpersonen sjølv uttalar namnet, eller kva sveitsarane seier?

Ei utfordring ein språkguru berre treng eitt lite tidel på å hogge til på.

– Det er jo totalt irrelevant kva familien og sveitsarane meiner! Det er ein ting som bestemmer og det er korleis han sjølv uttalar namnet sitt.

Om ein tek ein kjapp kipp på UEFAs uttaleguide viser nok det at ikkje alle synest det er eit så viktig prinsipp.

Her er nokre kjappe eksempel på korleis dei meiner svenske spelarnamn bør bli uttalt:

Marcus Berg – Marcus Berry

Emil Forsberg – Emil Fosh-berry

Kim Källström–Kim Shell-strome

– Bør vere greitt å fornorske

Andre synest debatten og diskusjonen har gått altfor langt.

Laster Twitter-innhold

– Eg er kjempelei. I utgangspunktet set eg jo pris på at kommentatorane uttalar namn riktig, men nå har det bikka over. Det er jo berre uttale av namn det handlar om på sosiale media for tida, seier redaktør i fotballbladet Josimar, Frode Lia.

Gjennom jobben i tidsskriftet møter han mange i same posisjon i land som Tyskland, Sveits, Frankrike, Spania, England og Austerrike. Dei har aldri høyrt om ein slik heftig debatt i sine heimland.

– Dei synest det er veldig rart, seier Lia og meiner det er seks år sidan fyrst oppdaga trenden.

– Det var under VM i 2010 eg fyrst la merke til det, etter det har det eskalert. Eg forstår ikkje kvifor fotballfolk heng seg så opp i dette, det er jo så mange andre ting å diskutere under EM. Sjølv tilhøyrar eg kategorien som synest det er greitt å fornorske namn, understrekar Lia.

Har norske fotballsjåarar blitt for pirkete? Er me for strenge med kommentatorane våre? Det kjem kanskje ikkje som nokon bombe, men Sylfest Lomheim meiner iallfall ikkje det.

– For pirkete? Det kan aldri bli for pirkete. Det skal vere rett og namn skal vere slik som personen seier det sjølv.

Video 21. desember - Johan Cruyff

FEIL: Namnet til den avdøde nederlandske legenda Johan Cruyff har i alle år blitt kalla feil. Øyvind Alsaker snakkar nederlandsk og fortel at det skal uttalast «crauff»

Foto: Nyhetsspiller

Nordmenn seier Cruyff feil

Tilbake til kommentatorane våre. I fleire veker har dei brukt tid på å finne riktig uttale på spelarar ingen hadde høyrt om før EM. Ein albansk forsvarsspelar, ein heilt ukjent rumensk spiss, eit tyrkisk stortalent.

Likevel er både Nilssen og Alsaker klare på at det aldri kan bli heilt 100 prosent riktig i alle situasjonar.

– NRK har prøvd å gjere ein så grundig jobb som mogleg. Me gjer vårt beste for at alle skal få namnet sitt så likt som mogleg det dei sjølv seier. Men uansett kor mykje research me gjer, kan det vere personlege preferansar eller dialektar som gjer at spelaren uttalar det annleis.

– Nokre gonger kjem også ord og namn ut annleis enn det ein hadde tenkt. Det hadde jo vore fint om ikkje folk hadde hengt seg opp den eine gongen, men set pris på at me gjer vårt beste for å uttale det riktig, seier Nilssen med eit smil.

Kommentatorkollega Øyvind Alsaker har også prøvd å utfordre fleire innarbeidde namn opp gjennom. Dei nederlandske legendene Ruud Gullit og Johan Cruyff er gode eksempel.

Som nederlandsk talande synest Alsaker det er vanskeleg å ikkje skulle uttale namna slik han veit dei uttalar dei sjølv.

– Det er ei veldig vanskeleg øving. Prinsippet mitt må vere at du skal seie namnet riktig innanfor rimelegheitens grenser. Om ein skal ta fart kvar gong ein skal seie namnet, blir det vanskeleg. Der eg føler det er nødvendig må eg finne ein middelveg, seier Alsaker og nemner den russiske spissen Artem Dziuba som eit eksempel.

– Eg legg gjerne ikkje like mykje artikulasjon i det. Eg prøvar ikkje å seie det som ein russar, men prøvar å få lyden riktig.

Calhanoglu

EMS VERSTE?: Det meiner iallfall kommentator Øyvind Alsaker.

Foto: FRANCISCO LEONG / Afp

Akkurat det blir spesielt vanskeleg når Alsaker kommenterer det han ser på som meisterskapets vanskelegaste namn.

– Hakan Çalhanoglu på Tyrkia. Eg må finne ein tyrkisk journalist som kan hjelpe meg.

Kanskje er det han som fyrer opp Twitter neste gong.

Ein ting er iallfall sikkert.

Diskusjonen vil ikkje ta slutt.