Samuels var trenaren og mentoren til hekkeløparen Kyron McMaster som knuste verdsmeister Karsten Warholm i Diamond League-finalen i Zürich i august.
Trenaren skal ha falle ned frå taket på huset sitt medan orkanen «Irma» herja på øya Tortola i Karibia, ifølgje nettstaden Flotrack.org.
Samuels har ei lang og innhaldsrik karriere bak seg som trenar for Dei britiske Jomfruøyane.
– Det er med djup sorg vi kunngjer at høgt akta Xavier «Dag» Samuels har mista livet sitt under orkanen Irma.
– Vi vil alltid sakne han. Hans arbeid vil halde fram med å inspirere dei som han har trent. Våre tankar og medkjensle går til hans familie og vener, skriv friidrettsklubben Track & Field St. Kitts-Nevis på sine Facebook-sider.
Revansj
Under Samuels si leiing har Kyron McMaster nådd verdstoppen, og var blant favorittane til VM-gullet i London. Men 20-åringen blei diska i forsøksheatet fordi han trakka på streken.
Men han fekk sin revansj då han stakk med ein halv million kroner og siger i Diamond League-finalen.
Sjølv om Karsten Warholm sprang inn til norsk rekord på tida 48,22 på 400 meter hekk, blei han slått av McMaster som suste inn på tida 48,07.
McMaster har også årsbeste i verda med tida 47,80.